Angry Birds blir film

Om du er redd for fuglar går du mørke tider i møte.

Angry Birds – den andelege oppfølgjaren til det valdelege borgdestruksjonsspelet Crush the Castle – skal no bli film. Fortel Rovio i ei pressemelding. Dette blir etter alt å døme den naturlege utviklinga etter at finske Rovio i 2009 lanserte sitt innspel i sjangeren der du kastar ting på andre ting som endar opp med å dette ned. No på dagen tre år seinare kan Rovio telje over ein milliard nedlastingar.

Dei sinte fuglane har med andre ord blitt ein gedigen kassasuksess for Rovio, og lanseringa av Angry Birds Star Wars sende nyleg spelet opp på toppen av iOS si salsliste i løpet av berre to og ein halv time.

Rovio likar å gjere ting sjølve, og difor vil dei ikkje gå gjennom eit filmstudio for å produsere den dataanimerte filmen som etter planen skal sleppast laus på folkemassane i løpet av sommaren 2016. Filmen skal finansierast utanfor det tradisjonelle systemet, utan at Rovio går i detalj på nøyaktig korleis det skal gjerast.

Det betyr likevel ikkje at dei vil gjere alt sjølve. Dei har huka tak i eit dei svært respekterte herrane John Cohen og David Maisel for å produsere filmen. John Cohen produserte for å nemne noko Despicable Me, og har vore sterkt involvert i Istid-serien. Maisel sat i si tid i styret hos Marvel, og produserte blant anna den første Iron Man-filmen.

Då gjenstår det berre å sjå om Angry Birds har same effekt på filmverda som serien har hatt på spelverda, eller om vi endar opp med eit smerteleg saftkaos. Eit anna spørsmål er om Angry Birds kan halde på sin monumentale popularitet i heile tre og eit halvt år til.

Les også: Sniktitt: Wreckateer Les også: Lager finsk storfamilie

Siste fra forsiden