Anmeldelse

Control

Huset med det rare i

Om du har lyst til å bruke kontorstolar som prosjektil medan du flyr gjennom lufta, er dette spelet for deg.

Då eg skjønte at heile Control ville gå føre seg inne i eit hus, må eg innrømme at eg grein litt på nasa og frykta at dette ville bli finske Remedy på tomgang. Eit lite hobbyprosjekt, om du vil, for å flekse litt musklar når dei for første gang på lang tid ikkje jobbar på oppdrag frå Microsoft.

Eg tok feil. Control er eit massivt, omfattande og komplekst spel som smeltar i hop alt Remedy har gjort tidlegare, og lagar noko som klatrar modig på det dei tidlegare spela til Remedy har gjort, for å nå enda nye og meir imponerande høgder.

Brå start

For å finne ut kva Jesse vil ete, må du spele Control.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eg skal ikkje ein gong prøve å forklare kva handlinga i Control går ut på. Risikoen for å avsløre ting du helst bør finne ut sjølv, og faren for å gå seg vill i mine eigne ord er for stor. Det startar likevel enkelt nok. Du er Jesse Faden, ei ung kvinne på jakt etter bror sin. Du tek turen til FBC, eller Federal Bureau of Control på godt norsk, får å finne svar. Der tek sjefen livet av seg med ein bisarr pistol, Jesse plukkar den opp, og blir med det sjefen sjølv, noko alle som jobbar i bygget aksepterer utan å blunke.

Det er her det startar, og på det tidspunktet var eg ikkje mykje klokare enn du sannsynlegvis er no. Så ikkje fortvil.

Etter denne pangstarten går det kast i kast. Noko som heiter Hiss har tatt over mange folk og statiske objekt, og no er bygningen livsfarleg. Den er delvis i live, og Jesse må reise fram og tilbake i den massive bygningen som både soldat og skadedyrkontroll for å rydde opp i problema som hopar seg opp. Ein liten stab med FBC-personell er framleis oppegåande, og frå desse kan Jesse hente nye oppdrag som tek ho lengre inn i dei mørke gangane til huset.

Heile tida får du tak i fleire trådar som gradvis fortel historia om kva som eigentleg har skjedd med Jesse og broren hennar. Det er ei tidvis bisarr oppleving med merkelege fenomen, rom som lev sine eigne liv, og ei overhengande stemning som får heile spelet til å framstå som bastarden du ville fått om du kryssa Twin Peaks med Metroidvania.

Alt du gjer har målbar effekt, og kvar stad du går fører deg til noko nytt som byr på fleire utfordringar. Nye område byr på ein og anna ny person som kan lesse deg tung med vidare arbeid. Spelet byr i tillegg på eit hav av ekstra innhald i form av lydopptak, små videoar og konfidensielle notat som ligg strødde rundt omkring i FBC-bygget. Alt er ikkje like spanande, men det meste er genuint interessant å lese. Det må likevel seiast at det kanskje blir hakket for mykje lesestoff. Nokre gongar vil ein berre få ting gjort, og då står ikkje nødvendigvis ei tunglest A4-side med forsøksrapportar høgt på prioriteringslista. At alt er valfritt er difor ein god ting.

Tilbake til start

Til og med søppel blir pent i Control.
Øystein Furevik/Gamer.no

Control er eit spel med mange utfordringar, både av den fysiske «skyt alt du ser før du dør»-sorten, men òg av ein meir mentalt krevjande art. Du må no go då bruke hovudet litt ekstra for å få opp ei dør, eller kome deg frå ein stad til ein anna. Spelets mentalitet er noko spesiell til tider, men så snart du skjøner korleis det «tenker», blir vidare tankenøtter enklare å løyse.

For det meste er det likevel action som står på programmet. I starten spring Jesse rundt med ein enkel pistol, gøymer seg bak nokre kontorpultar og dørar mellom skota, og plukkar ned dei Hiss-infiserte fiendane ein etter ein. Spelet narrar deg til å tru at dette til ei viss grad er eit ordinært actionspel.

Men så skjer det ting. Pistolen du trudde berre var ein pistol kan oppgraderast til ei rekke ulike former som lar deg leike med avartar inspirerte av klassiske våpen som blant anna hagle og maskingevær. Desse våpna kan vidare oppgraderast og utrustast med bonusar som gir våpna meir skade, betre presisjon, og liknande. Felles for alle våpentypane er at dei aldri går tomme for ammunisjon, sjølv om dei må matast litt av og til.

Etter kvart utviklar Jesse ein serie med krefter som ligg som eit varmt teppe rundt alt anna. Først kjem Launch, ei kraft som let Jesse plukke opp alt frå kosteskaft til betongblokker dregne rett får veggen, og kaste dei mot fiendane.

Frå å huke ned bak ein kontropult spring du no rundt og kastar stein på fienden mellom pistolskota, og før du får sukk for deg har du stige i gradene og kan plukke rakettar ut av lufta for å sende dei i retur. Kreftene blir fleire, og etter kvart får du teleportere korte avstandar og omvende fiendar til å kjempe for deg. Kreftene du får blir stadig betre og kraftigare, og det er ei fascinerande utviklinga å sjå korleis Jesse gjekk frå å vere ein nokonlunde tradisjonell actionspelhelt i dei første timane, til å sveve gjennom lufta som dødens budbringar.

Det er ganske fint her i høgda.
Øystein Furevik/Gamer.no

Nokre skavankar

Bak alle flotte fasadar skjuler det seg noko som vil ta deg av dage.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ein del av tida di i Control vil gå med til å både finne og låse opp kontrollpunkt. Desse punkta vil du finne rundt omkring i heile spelet, og dei gjer det mogleg for deg å oppgradere eigenskapane til Jesse, samt teleportere rundt omkring i bygget. Dette gjer det til ein draum å kome seg fram og tilbake i spelet, spesielt om du må vere ein stad raskt.

Alt er derimot ikkje like rosenraudt. Av ein eller anna grunn har Remedy valt å gjere desse punkta til dei einaste punkta du kan kome tilbake frå om du skulle vere så uheldig å døy. Dette hadde ikkje vore så gale om kontrollpunkta låg nær der det skjer, men det er ikkje alltid tilfelle. Dei vanskelegaste situasjonane du vil hamne i er nøye planlagde frå Remedy si side, og dei er som regel avslutninga på eit oppdrag.

Kvifor utviklarane då har sett på det som fornuftig å plassere førre kontrollpunkt langt frå den store utfordringa, og tvingar deg til å ikkje berre gå gjennom ein lang lasteskjerm, men og til å gå ein lang veg tilbake, gjennom fleire fiendar, og jamt over bruke mange minutt på å nå tilbake til kampen som tok knekken på deg, er vanskeleg å forstå. Ein gong går det greit, to gongar og, sjølv om ein er litt irritert. Kva med, fem? Ti? Du vil døy nokre gongar, og det mest frustrerande er ikkje kampen mot dei som tok deg, det er alt du må gjennom for å kome tilbake dit.

Eit enkelt sjekkpunktsystem som returnerer deg til rett før endestasjonen hadde vore mykje betre.

Vakkert og stemningsfullt

Denne staden tok nesten knekken på meg.
Øystein Furevik/Gamer.no

Control byr ikkje på eit omfattande persongalleri, men dei få som er her er nesten skummelt livaktige. Remedy har mykje erfaring med å jobbe mot fotorealisme, og i Control kjem dei farleg nær. Spesielt hovudpersonen Jesse er detaljert ned til minste pore, og ein kan sjå små rykningar i musklane rundt leppene henner når ho får høyre noko ho ikkje er heilt nøgd med.

Verda rundt er like spektakulær og byr på ein smygande overgang frå kjende kontorlandskap til stadig meir overdådige kulissar. Enkelte område er massive, og ser ut som noko ut av ei anna verd, eller andre dimensjonar. At det i tillegg ofte skjer svært mykje i desse områda, med mange fiendar, flygande prosjektil og alt som verre er, er imponerande.

Under panseret blir det likevel litt hosting, men overraskande nok er det sjeldan når kampane står på som verst at spelet knekk under si eiga vekt. Prøv derimot å pause spelet, og du vil få sjå eit spel som hakkar av garde utan sans og samling i nokre sekund. Det same skjer ofte når ein teleporterer til eit område, eller har vore innom menyane. At det stort sett berre skjer når ein går inn og ut av menyar gjer det til eit minimalt problem, men det kan svi om du av ein eller anna grunn må pause midt i ein kamp.

Reint praktisk er kartet eit langt større problem. Det lastar ikkje alltid fram, og nokre gongar må du vente i kanskje fleire minutt på at det skal kome fram skikkeleg. Dette er spesielt frustrerande sidan kartet er viktig og blir flittig brukt.

Kontroll

Om du lurer på noko, er dette dama å snakke med.
Øystein Furevik/Gamer.no

Nokre skavankar til tross, Control er eit fengslande og uhyre engasjerande spel som gjev oss noko litt anna enn den typiske krigar på jakt etter noko å skyte i enda ein krig. Det er ei spanande og mystisk historie her som du må prøve å finne ut av. Historia ligg ikkje berre over spelet som ei forklaring på kvifor ting skjer, den er ein essensiell og integrert del i alt som skjer, og den er ei av få spelhistorier den siste tida eg verkeleg har investert i.

Gameplayet glir inn som den perfekte makker. Vi skyt med ei rekke ulike våpen og hiv oss opp i lufta medan vi regnar død og øydeleggjing på alt vi ser. Det startar kanskje i det små, men etter kvart blir du ei øydeleggjande kraft som berre leikar med alt som prøvar å ta deg. Kanskje har tanken til utviklarane vore noko sånt som »dette er eit spel, vi kan gjere akkurat det vi vil», og dei ville i så fall hatt rett. Veldig rett.

Remedy har lenge leika seg med å la spelaren leike med tid og rom, og Control er eit produkt av finspissa ekspertise som fortener å bli spelt av alle som likar knakande god, og kanskje litt sær action.

8
/10
Control
Fortener å bli spelt av alle som likar knakande god, og kanskje litt sær action.

Siste fra forsiden