Anmeldelse

Dragon Quest XI: Echoes of an Elusive Age

Dette er akkurat det vi vil ha frå eit japansk rollespel

Men dessverre er musikken i dette spelet er ei skam.

Det er litt vanskeleg å seie noko som helst om Dragon Quest XI: Echoes of an Elusive Age utan å først seie noko om musikken. Square Enix er kjende for musikk. Heilt sidan starten har dei pumpa ut spel med musikk i ein klasse alle andre har blitt målt etter. Verda har sjølvsagt gjort sitt for å ta dei igjen, men like fullt, er det ein ting du kan vere rimeleg sikker på med eit spel frå Square Enix, så er det at musikken både er bra, og høyrest bra ut.

Og med det kjem vi til 2018 og Dragon Quest XI: Echoes of an Elusive Age. Eit spel med eit så grelt og utriveleg musikalsk lydbilete at eg tidvis blir direkte provosert.

Lat oss gå tilbake i tid. Nærare bestemt til 1993 og lanseringa av Jurassic Park. Tenk deg no at komponist John Williams bestemde seg for at Steven Spielberg berre fekk lov til å bruke synth-versjonar av komposisjonane hans i filmen, fordi han levde i den tru at skikkeleg musikk i filmen ville forårsake tap i inntekter på sal av konsertarbillettar og CD-ar som bydde på opplevinga eit ekte orkester ville gje.

Blekkulf likar ikkje musikken han heller.

Det høyrest litt vanvittig ut, men det er akkurat der vi er med Dragon Quest XI: Echoes of an Elusive Age og komponist Koichi Sugiyama. I staden for dei flotte produksjonane vi plar få frå Square Enix på musikkfronten, får vi det som høyrest mest ut som eit noteark stappa inn i notasjonsprogrammet Sibelius, og ferdig. Ingen miksing, ikkje noko bearbeid for å få ting til å høyrest berre hakket meir naturleg ut. Musikken er statisk, dårleg miksa, og skrik til deg om kor kunstig den er.

Det blir verre av dei fleste spora er berre omlag eitt og eit halvt minutt lange og går om igjen ad infinitum. Enda verre blir det når du etter kvart oppdagar at den musikalske variasjonen er nesten komisk dårleg. Du må ikkje vente deg at ulike område har eigne tema. Her har du i staden generelle tema for å vere ute i villmarka, for å vere i by, og eitt og anna ekstra tema som eit uvanleg unntak. I praksis høyrer du to musikalske tema 90% av tida, og det er vanskeleg å ikkje bli frykteleg, frykteleg lei. Til og med dramatiske hendingar blir forstyrra av at musikken rett og slett ikkje heng med, eller endrar seg i takt med det som skjer på skjermen.

Ikkje misforstå, nokre av komposisjonane er riktig fine og passar dette litt lettbeinte eventyret veldig godt, noko ein får stadfesta om ein tek turen til YouTube for å sjekke orkester-versjonane, men det er så billeg og flatt å høyre på desse livlause versjonane at musikken tapar stort. Og alt fordi Square Enix bøyer seg for ein gammal mann som ikkje ser ut til å skjøne kva jobben hans eigentleg handlar om, i staden for å hyre inn yngre blod som kan klare jobben like godt.

Dragon Quest XI er vakkert.

På tur til eventyrland

Ser vi bort frå musikken er Dragon Quest XI: Echoes of an Elusive Age akkurat det eg vil ha frå eit japansk rollespel. Dette er eit spel som heilt tydeleg er laga meir med tanke på å tilfredsstille fansen, enn å prøve å lokke til seg nye spelarar, slik Final Fantasy-serien kanskje kan skuldast for å gjere.

Av og til slår det meg at eg har nesten like mykje moro med å sjå på Dragon Quest XI som eg har med å spele det. Square Enix har vekt Akira Toriyamas ikoniske strek til live på ein måte ingen har klart før, og det kan vi takke den slåande grafiske stilen for. Den legg seg ein stad mellom teikneseriar og realisme, og sprett nesten ut av skjermen. Det er nesten som om ein kan stikke handa inn i skjermen og plukke ting ut, så lekkert er det.

Hei hå og ei flaske med rom.

Best ser ein dette i dei fantastiske fiendane vi møter, samt ulike personar som dukkar opp på reisa. Vi finn alt frå digre monster, til galne menn med konkylier på hovudet, og alle er så levande og uttrykksfullt animerte at kvar og ein er meir enn berre ein tilfeldig skapning på skjermen. Det ligg ein tanke bak, ein person, ein eller anna motivasjon. Om det så er galskap eller blodlyst.

Du blir servert alt på sølvfat så og seie umiddelbart. Etter kort tid ligg utsikta langstrakt framfor deg. Eit fargerikt eventyrlandskap av eit kaliber ingen har laga før. Store dalar, fossefall, tre så grøne at det ikkje skulle vere mogleg. Om du er ein av dei som skulle ynskje vi kunne få litt meir fargar, munter humor og litt mindre alvor i Final Fantasy-serien, er dette for deg. Det er ein storproduksjon av eit erketradisjonelt japansk rollespel, noko ein nesten ikkje skulle tru var mogleg i dag.

I tur og orden

Spelet byr på eit turbasert kampsystem som ikkje har endra seg mykje sidan starten, men Square Enix har gjort nokre smarte grep for å imøtekome den kanskje litt meir rastlause spelaren som ikkje orkar turbaserte eventyr.

Når du spring rundt i den digre og nesten banalt nydelege verda spelet byr på, finn du ei rekke herleg designa fiendar vandrande rundt i landskapet. Ingen tilfeldige kampar her altså, noko som strengt tatt er ein tradisjon vi ikkje treng halde på. Kampane er likevel turbaserte, men du får ein del spelerom i korleis du vil desse skal gå føre seg. Kvar av dei maksimalt fire aktive karakterane i gruppa di kan styrast enten etter tur, eller du kan la den kunstige intelligensen handtere alt etter dine generelle instruksar.

Spelets kanskje kulaste fiendar.

Resultatet er eit kampsystem som er så kjapt eller detaljstyrt som du ynskjer, og det er ein veldig kjekk fridom å ha. Spelet er på ingen måte vanskeleg, men enkelte fiendar byr på meir arbeid enn andre, og då er det veldig greitt å kunne lett byte mellom manuell og automatisk kontroll.

Møta med fiendane er som ein kan vente seg frå eit turbasert rollespel, og Dragon Quest XI byr eigentleg på lite nytt og spanande, men det er heller ikkje naudsynt. Spelet byr på nokre av dei artigaste og mest fantasifulle fiendane du vil finne nokon stad, og når du får spele med eit spanande og fargerikt persongalleri som samtidig byr på ei lang rekke angrep og eigenskapar du verkeleg elskar å ta i bruk, då er det alt som skal til.

Eitt ankepunkt finn vi likevel, og dette er ein gjengangar gjennom heile spelet. Ein del fiendar er skikkelege pyser, og er du riktig uheldig hamnar du i område med svært mange pyser. Det første ei pyse gjer når den hamnar i kamp, er å stikke av. Det verste eg veit å gjere i eit spel, er å kaste bort tid. Å gå i kamp mot fiendar der erfaringsuttellinga er minimal fordi fiendane stikk av, er bortkasta tid. Det er meiningslaust, utelukkande irriterande, og kunne godt ha vore fjerna.

Eit lite plaster på såret er at om du er lei fiendar for ei stund kan du hive deg på hesteryggen og ploge gjennom dei som ein bowlingball. Etter kvart får du oppgradere frå hesten til eit skip som let deg sigle frå kai til kai, noko som let oss farte over eit nydeleg verdskart som sender minna tilbake til dei japanske rollespela frå slutten av 90-talet.

Ingen japanske rollespel utan litt bisarr galskap.

Jorda rundt på 80 timar

Dragon Quest XI: Echoes of an Elusive Age gjer mykje eg likar, men det eg kanskje likar aller mest, er historia. Kva den handlar om er eigentleg ikkje så viktig, men det du treng å vite er at den tek ikkje seg sjølv så frykteleg seriøst. Dette er ikkje eit spel som stappar metafysiske konsept ned i halsen på deg til du gulpar yogabukser og pretensiøse livsobservasjonar.

I mange timar reiser du berre frå stad til stad utan å eigentleg vite kvifor. Joda, du blir jaga litt hit og litt dit, men det du brukar mykje av tida di på er å handtere diverse utfordringar som plagar lokalbefolkninga i dei ulike tettstadane du reiser til. Det er befriande, og lar oss møte stadig nye snodige karakterar som nokre gongar er så godt bragt til live at eg har ledd høgt. Om eg har eit problem med historia er det at du ikkje kan slå av undertekstane. Dei ligg permanent klistra på skjermen gjennom kvar samtale, og du må manuelt trykke deg vidare kvar gong tekstboksen er full. Det er flott å lage spel inspirerte av fortida, men nokre gamle vanar kan vi godt droppe.

Stemmeskodespelet i dette spelet er på si side heilt nydeleg, og gjer det tydeleg at du reiser rundt i ei stor og levande verd. Fokuset ligg på god, gammal britisk tale, men forskjellige byar introduserer nye folkeslag med dialekter inspirert av ulike land og språk, om det så er spansk eller fransk, eller lengre aust i verda. Samstundes slepp vi å høyre dei same skodespelarane som dukkar opp i spel etter spel. Det er karakterane som står i fokus, og det er dei du hugsar, ikkje kven som spelte dei.

Konklusjon

Fiendane kjem i alle storleikar og fasongar, frå det absurde til det meir tradisjonelle.

Dragon Quest XI: Echoes of an Elusive Age er eit heilt herleg spel. Det bugnar over med sjarme og glede, og det er heilt tydeleg laga av folk som likar det dei driv med. Historia er ei artig og lettbeint reise gjennom ei heilt nydeleg og fargerik verd som skil seg dramatisk frå alt anna på marknaden. Dette er spelet eg vil lenkje ungane mine til sofaen for å spele slik at dei kan oppdage den fantastiske verda til japanske rollespel.

Om du likar tradisjon eller ikkje spelar strengt tatt lita rolle. Dragon Quest XI let deg i stor grad velje sjølv kor actionfylt og avansert spelet skal eller ikkje skal vere. Du kan detaljstyre alt som skjer, eller du kan automatisere ting som det passar deg.

Eg skulle berre ynskje nokon hadde tatt grep og skjønt at musikken i dette spelet er ei skam. Isolert sett er komposisjonane gode, men det spelar inga rolle kor god ein komposisjon er om den er dårleg framført og presentert. Dette høyrest berre ut som ein billeg jobb ingen brydde seg om å gjere skikkeleg.

Det er forferdeleg trist i eit spel som elles er så gjennomført og underhaldande som det Dragon Quest XI er.

8
/10
Dragon Quest XI: Echoes of an Elusive Age
Dragon Quest XI: Echoes of an Elusive Age er eit heilt herleg spel.

Siste fra forsiden