ANMELDELSE: Two Point Hospital
(Bilde: Sega)

Ein smittsam sjarmoffensiv

Dette er noko så sjeldant som ein arvtakar som overgår sitt klassiske opphav.

Å kalle Two Point Hospital for ei Theme Hospital-klone blir kanskje litt for enkelt. Men det er ei Theme Hospital-klone. Dette er nøyaktig det spelet eg innbiller meg at Bullfrog hadde laga om Theme Hospital hadde blitt lansert i dag, og ikkje for 20 år sidan.

Bullfrog var kongar på 90-talet. I eit stødig tempo pressa dei ut klassiske strategi- og simulatorspel som Populous, Theme Park, Dungeon Keeper, og ikkje minst Theme Hospital. Felles for dei fleste av desse spela var eit fokus på å få ei slags bedrift eller eit samfunn til å fungere, om det så var heile land, mørke grotter fulle av skrømt, eller nettopp eit sjukehus. Med lett handterlege – men djupe – gameplay-element krydra med den klassiske humoren som prega alle spela deira, skapte dei noko heilt spesielt.

Den er tilbake no. Eg har sett fleire som har prøvd. Eit døme er Kickstarter-prosjektet War for the Overworld. Eit spel som skulle bli ein andeleg oppfølgjar til Dungeon Keeper. Det blei vel for så vidt det, men noko mangla. Sjarmen. Den der ubestemmelege vesle x-faktoren som gjorde Bullfrog-spela så ubegripeleg engasjerande.

Og det er akkurat den som ligg klistra over heile Two Point Hospital.

LES OGSÅ: Hugsar du Theme Hospital? Les vårt tilbakeblikk »

Akutten neste

Ah, å vere ung.

Som sagt blir det for lett å kalle Two Point Hospital for ei Theme Hospital-klone. Det er meir enn det. Two Point Hospital tek så og seie samtlege element frå Theme Hospital, og kokar ny suppe på dei. Det er litt som om ein kokk har hatt tjue år på seg til å perfeksjonere oppskrifta. Det smakar så mykje betre.

Du vil finne alt du kjenner her. Vi startar med tomme bygg, og må få på plass ein resepsjon, nokre legekontor, eit apoktek eller to, og gradvis nye fasilitetar for nye og stadig meir tåpelege sjukdomar. Pasientar med Mock Star trur dei er Freddie Mercury, har du Pan Head har du, vel ei panne på hovudet, og for dei som slit med Animal Magnetism heng dyr fast på kroppen deira.

Det er tøv, og det er ikkje avansert humor som får deg til å gapskratte, men det er søtt og koseleg på ein litt udefinerbar måte som blir lettare å forstå når ein ser alle dei kule små animasjonane utviklarane har dytta inn i alt som skjer på sjukehuset. Spelet osar av personlegdom. Det er litt som å sjå Postmann Pat som vaksen. Ikkje den nye skiten, dei gamle, dei gode.

Frå høgtalarane sig musikk som er mykje betre enn den har nokon rett til å vere. Mellom lydspora som er så gode at det er litt skuffande få av dei, dukkar eit lite sett med fantastiske radiovertar opp som pratar rein skit inn i øyra dine. Eg er som regel for oppteken med å handtere sjukehusa mine til å verkeleg få med meg alt dei seier, men det er ei fryd å høyre på. Spesielt Sir. Nigel som høyrest ut som ein litt eldre og alkoholisert utgåve av Stewie frå Family Guy.

Bli heller ikkje overraska om du blir servert lydversjonen av traileren til den nye superheltfilmen Spandex, og smakeprøvene på den nye plata til ei flink syngedame med skikkeleg uggne sangtekstar.

Det er godt mogleg eg går lengre inn i detalj på lydbiletet enn kva som strengt tatt er nødvendig, men det er så forbaska godt gjennomført. Det kastar den eine nye tingen mot deg etter den andre medan spelet praktisk talt gaular «Elskar du meg enno? Kva med no? No då?». Jo, eg elskar det.

Den harde kjerna

Å kunne scrolle heilt ut kjem ofte godt med når du treng litt oversikt.

Det er alltid lett å kome i gong i slike spel, og Two Point Hospital er ikkje noko unntak. Alt frå bygging av rom til hyring av nye tilsette er oversiktleg og detaljert. Du byrjar i det små, får på plass det du treng, og utvidar til nye bygningar om sjukehuset ditt etter kvart blir for lite. Akkurat her er allereie Two Point Hospital mykje greiare å ha med å gjere enn Theme Hospital. Noko så sjølvsagt som å kunne zoome langt ut, eller rotere kartet gjev deg så mykje meir oversikt enn du nokon gong hadde i Theme Hospital.

Sjølv den beste planleggar vil før eller sidan møte ein vegg. I spel som dette kjem den gjerne i form av ein layout som ikkje heilt samsvarar med dei behova det seinare spelet har. Du vil gjerne ha alle legekontor nokon lunde samla, men er tom for plass, og må byggje nye i eit heilt anna bygg? Nei, her kan du plukke opp heile rom med alt av møblar og dill dall, flytte det til ein heilt anna plass, og gjerne utvide det eller gjere det mindre om det skulle vere naudsynt.

Two Point Hospital er samstundes mykje meir oversiktleg på så godt som alle plan. Om du må sjekke om sjukehuset ditt held god temperatur er det berre å trykke på rett ikon for å få eit varmekart over heilt komplekset. Det same er gjeldande for om du skal sjekke alt frå servicebehovet på maskiner, samt humøret og toalettbehovet til pasientane. Du får kjapt oversikt over så og seie alle element i heile spelet, og på denne måten kan du både forutsjå og handtere potensielle problem og flaskehalsar lenge før dei blir eit problem.

Å finne ein god layout, og få god flyt i korridorane er eit digert puslespel, men i Two Point Hospital får du heile tida kjensla av at spelet kjempar med deg i denne kampen. Om du innser at du har eit problem ein stad, er det alltid lett å finne, og dermed kan du i det minste prøve å løyse det. Du kan til dømes sjekke alle pasientar og tilsette for å sjå korleis dei har det. Her får du kjapt sjå kva dei er nødge med, og kva dei ikkje likar. Sjekk nokre fleire personar, og om du finn ein negativ trend er det lett å vite kva du må gjere for å stoppe den.

Svært mange problem pasientar og tilsette skulle ha kan fiksast ved å plassere diverse gjenstandar. Two Point Hospital har ein eigen valuta som heiter Kudosh, og med denne kan du låse opp alt frå benkar til planter, plakatar og automatar som lar pasientane kjøpe mat og drikke. Deretter plasserer du dei tinga som trengst for å gjere sjukehuset meir attraktivt. Er det kaldt finn du fram ein radiator eller to i passande storleik. Er sjukehuset stygt, kjøper du nokre planter og eit bilete eller to til å ha på veggane.

Du kan gjere det riktig så koseleg hos psykologen.

Framtida kallar

Ein viss progresjon er heilt essensielt i eit solid management-spel, og Two Point Hospital er ikkje noko unntak. Eit av dei mest innlysande døma er korleis du startar i det små med eit lite sjukehus, men får tilgang på nye sjukehus etter kvart som du viser deg kvalifisert. På kvart sjukehus vil du kunne låse opp tre stjerner for å vise kor flink du her, men ved å låse opp berre ei vil du låse opp eit nytt sjukehus. Samtlege sjukehus ligg på eit stort kart, og du kan reise fram og tilbake mellom dei som du vil, sjølv om eg personleg finn det heilt uaktuelt å gå vidare før alt er perfekt.

Etter kvart som du spelar vil du møte på nye sjukdomar, og dette krev meir arbeid frå di side, gjerne gjennom forsking på både diagnoser og behandlingsformer. Sjølv om spelet sender oss til fleire forskjellige sjukehus, vil all forsking du går laus på vere tilgjengeleg overalt. Om du vil kan du byggje ein gigantisk forskingsstasjon på eitt sjukehus, og droppe det andre stadar. Heilt praktisk er denne metoden likevel ikkje, sidan forskinga berre er aktiv om du held deg ved sjukehuset.

Ved sidan av dette er det svært viktig å gje dine tilsette litt vidareutdanning. Dette er ein prosess som heldigvis er fullstendig sytalaus om vi samanliknar med den håplause undervisninga legane fekk i Theme Hospital, der du gjerne berre enda opp med å kaste bort mykje tid på ingenting. Vidareutdanninga i Two Point Hospital er såre enkel. Du vel nokon som skal utdanne seg, vel kva eigenskap du vil dei skal få, hyrer ein lærar, og set i gong.

Både legar, sjukepersonell, vaktmeistrar og assistentar kan spesialisere seg, og på denne måten kan du sørgje for at pasientane dine får den beste behandlinga du kan gje dei. Om ein lege har fått mykje trening i psykologi, kan du bestemme at han berre får lov til å jobbe på akkurat den type kontor, og ikkje kastar bort tida si på jobbar andre kan gjere. Kvar einaste tilsett ved sjukehuset ditt vil berre gjere dei jobbane du tillet dei å handtere, og dette er berre eitt av mange mindre element som gjev deg enda fleire verkty for å mikrohandtere den daglege drifta.

Konklusjon

Eit varmekart kjem godt med nå du skal finne ut kvar folk frys.

Eg skal vere heilt ærleg og innrømme at eg innerst inne ikkje hadde trua på Two Point Hospital. Det er eit spel eg har gleda meg til, for lat oss vere ærlege, kor dårleg kan eit slikt spel bli? Likevel, kjensla av at dette ville bli eit lite mageplask med flat, dårleg humor og sterilt gameplay, den var der.

Eg tok så feil.

Det er lite nytt her, men det er så elegant og profesjonellt gjennomført at ein berre må applaudere. Gjennomføringa osar av kvalitet heile vegen, og det er heilt tydeleg at dette spelet er skrudd saman ikkje berre av folk som veit kva dei driv med, men av folk som verkeleg elskar det dei driv med. Det er kanskje akkurat der litt av problemet med fleire av desse andelege oppfølgjarane vi har fått oppstår. Dei blir laga av folk som elskar det dei driv med, men kanskje ikkje heilt veit kva dei driv med.

Two Point Hospital har gjeve meg nokre heilt fantastiske kveldar som både har vore prega av nostalgi, latter og den varme kjensla av at du gjer på noko som verkeleg er verdt tida di. Eg vil spele berre litt til, og eg har drive på med dette så lenge no at den kjensla ofte er omvendt. Two Point Hospital er eit nydeleg stykke spelmagi som fortener å bli kjøpt.

Vurdering

"Two Point Hospital er eit nydeleg stykke spelmagi."

Kommentarer (22)

Forsiden akkurat nå

Til toppen