Anmeldelse

Valkyria Chronicles Remastered

Velkome gjensyn med taktikkperle

Valkyria Chronicles leverer framleis varene, men vi hadde håpa på litt meir finpuss.

Sega

Kva tenkjer du når du høyrer ordet «Remastered»? Tenkjer du på eit av favorittspela dine som kjem tilbake med ei sigersrunde full av ekstra fyrverkeri, sånn berre for å gjere deg skikkeleg, skikkeleg glad?

Skal ein først utvide ein speltittel med «Remastered» set vi lista på eit greit nivå som kort og godt seier: «det du fekk før, men større og mykje betre». Med det i tankane tvilar eg på at Valkyria Chronicles Remastered vil imponere nokon. Strengt tatt er det ingenting her som er «Remastered». Dette er nøyaktig det same spelet vi fekk i 2008, i høgre oppløysning og med høgre biletefrekvens. I tillegg får du ein dose ekstrainnhald som måtte kjøpast separat til originalutgåva.

Det er strengt tatt alt som er nytt i denne utgåva, og det er svært lite ved det som eigentleg framstår som nytt. Jobben Sega har gjort med å oppdatere spelet er ikkje stort større enn den du ville ha gjort ved å bla gjennom innstillingane i eit PC-spel. Det er ganske skuffande, for det er mykje som kunne ha vore gjort her.

Kvifor ikkje leggje på litt kantutjamning, for å nemne noko? Utviklarane har valt absolutt billegaste veg ut, og dette er kjipt for dei som har spelt spelet før. Eg forventar meir enn ein lettvindt porteringsjobb når utvikalarane klaskar til med «Remastered». Eg forventar noko ala Final Fantasy X HD Remaster. Eg forventar meir enn forskjellen på eit typisk spel til Xbox One og PlayStation 4.

Mykje vil ha meir

Ah, unge, naive kadettar. Hadde dei berre visst.
Sega

Joda, eg er litt skuffa, men det er mest fordi Valkyria Chronicles er eit av dei PlayStation 3-spela som varmar hjarterota mest når eg tenkjer tilbake på det. Det er eit spel eg i ettertid har vurdert om eg var hakket for streng mot i første runde, sidan eg no i desse dagar merkar at ordet «klassikar» har veldig lyst til å snike seg fram.

I korte trekk er Valkyria Chronicles eit taktisk krigsspel presentert som ein animefilm, og det er fantastisk. Det er eit spel så lett å forstå at ein person som har levd heile livet i eit grottesamfunn under ein stein der termar som «turbasert» og «JRPG» refererer til tabubelagde tema ingen har lov til å ta i utan verneutstyr, kan forstå og kome inn i det utan problem.

Historia blir fortalt via ei bok der du blar deg gjennom sidene medan du kikar på den eine korte filmsekvensen etter den andre. Vi blir fortalt ei historie som vekslar mellom munter og alvorstung med hårfin eleganse. Først og fremst er det eit japansk spel som maktar å styre unna dei teitaste tinga frå Japan, og for det aller meste held ein tone som på godt vis reflekterer krigen folk har hamna i.

Boka blir i blir ein essensiell del av heile spelet. Det er her du får med deg historia, finn nye kampar, og ikkje minst får ta turen til hovudkvarteret ditt. Frå hovudkvarteret kan du oppgradere soldatane dine, kjøpe nytt og betre utstyr, samt forbetre stridsvogna di.

Slik bør du ikkje spele, denne dama er snart død.
Sega

Krigen kallar

Valkyria Chronicles kan minne litt om diverse andre taktiske spel på marknaden, mest av alt det ganske så ferske Warhammer-spelet Mordheim. Du startar kvart slag med å velje kva soldatar du skal ha med deg i kamp, og du vel kvar dei skal stå. I tillegg til ei stridsvogn som alltid er med deg, kan du ta med deg speidarar, infanteri, snikskyttarar, mekanikarar, samt nokre tunge folk med lanser spesialdesigna for å plukke ei stridsvogn frå kvarandre.

Med ei handfull eller to ivrige soldatar blir du kasta ut i ei lang rekke ulike situasjonar der du skal gjere alt frå å infiltrere ein base midt inne i skogen, stoppe ei massiv stridsvogn og utføre eit vellukka bakhaldsangrep.

I dei fleste taktiske og turbaserte spel vil kvar krigar få sjansen til å gjere ugagn etter tur. I Valkyria Chronicles fungere dette på ein noko anna måte. Du får alltid spele først, og du får bruke alle soldatane dine før det blir motstandaren sin tur.

Ein anna unik detalj ved kampsystemet i Valkyria Chronicles er at kvar soldat kan ha mykje meir enn ein tur. Du startar med ei gitt mengde poeng du kan bruke for å ta kontroll over soldatane dine. For å bruke ein soldat brukar du eit poeng, og om du vil kan du bruke den same soldaten om igjen og om igjen. Den einaste baksida ved dette er at soldaten blir sliten og kan spasere kortare distansar kvar gong, i tillegg kan han eller ho gå tom for ammunisjon om du er uforsiktig. Eventuelt kan du spare poenga dine til seinare i kampen.

Sjangerblanding

Før kampane får du velje kven du vil ha med deg på slagmarka.
Sega

Sjølv om Valkyria Chronicles i essessen er eit turbasert spel, er dette ei sanning som kjem med ei ørlita hake ved seg. Du vel krigaren du vil bruke frå eit kart over slagmarka, og styrer denne frå tredjeperson. Det som er verdt å bite seg merke i her, er at all rørsle skjer i sanntid. Om du spring forbi ein fiendtleg krigar kan han fyre laus på deg om du er nær nok. Skulle du stille deg for nær fiendar og berre stå der, vil du raskt døy.

Dette gjeld sjølvsagt den andre vegen òg, noko som gjer plassering av krigarane dine uhyre viktig. Spelar du smart kan du lure fiendane dine inn i feller som sender dei inn i ein audmjukande død utan at du har brukt noko av di eiga tid.

Visse irritasjonar er likevel ikkje vanskelege å få auge på. Skal ein krigar til dømes leggje seg i skjul, kan dette berre gjerast i ei grøft, eller bak sandsekkar. Ein murkant eller ei diger kasse kan du ikkje krype ned bak, og dette er små detaljar som bryt illusjonen spelet elles byggjer opp med stil.

Aller mest irriterande er derimot kor lett det kan vere å bomme på målet. Alle som har spelt eit spel med terningar før vil vite kva eg snakkar om. Du kan ha plassert snikskyttaren din så bra du berre vil, men nokre gongar skal det berre ikkje gå. Min taktikk når all flaks har tatt ein fuktig tur på byen er så enkel som å springe opp bak nokon, og plassere munningen på våpenet tett inntil fiendens hovud før eg fyrer laus.

No får eg med vilje spelet til å høyrest verre ut enn det er, men det er greit å vere klar over slike detaljar. Når du siktar med eit våpen vil det alltid dukke opp ein sirkel rundt krysshåra, og det einaste som til ei kvar tid er garantert, er at du vil treffe ein stad innanfor sirkelen. Om du då står langt unna, og fiendens hovud er ei lita ert i midten av sirkelen, vil sjansen for å bomme naturlegvis vere stor.

Eit problem av ein hakket meir teknisk natur er utviklarane burde ha gjort noko med responsen på analogstikkene før dei gav ut denne nyversjonen. Svært ofte må du vere svært presis når du skal treffe nokon. Du drep fiendane raskare om du skyt dei i hovudet, men for å treffe akkurat der er det viktig å ha siktet på riktig stad. Dette er ikkje så lett når eit ørlite dytt på analogstikka flyttar siktet ditt til den andre sida av hovudet. Om desse kontrollane hadde vore litt mjukare, og ikkje gått fullt så mykje i rykk og napp, kunne vi raskt fått ei betre oppleving.

Visuelle lydeffekter set prikken over i-en.
Sega

Konklusjon

Valkyria Chronicles er eit strålande spel med ein unik visuell stil som sender deg inn i ein tilsynelatande handteikna animefilm. Det var eit flott spel då spelet dukka opp for første gong i 2008, og det held seg svært godt den dag i dag. Likevel, eg er ikkje heilt nøgd med denne nye utgåva. Dette er strengt tatt ikkje meir enn ein PlayStation 4-versjon av spelet. Utviklarane har gjort minimalt for å pusse det opp, og har ikkje ein gong tatt seg bryet med å jamne ut skarpe kantar, noko som eine og aleine kunne ha gjeve spelet eit solid løft.

I staden får vi nøyaktig det same spelet vi fekk for nesten åtte år sidan. Det er strengt tatt ikkje noko problem. Valkyria Chronicles er eit flott spel som held seg veldig bra. Utfordringane står på rekke og rad, og spelet krev at du viser litt innsatsvilje for å kome heilskinna gjennom dagen. Det kan bli forferdeleg frustrerande, noko eg kjenner på kroppen etter nesten fem timar med prøving og feiling i ein ufordrageleg kamp vitnar om, men det er så herleg når du får det til.

Om du allereie har Valkyria Chronicles i samlinga di har du absolutt ingenting å tene på å kjøpe denne utgåva, med mindre du vil sende eit signal til utviklarane om å lage fleire spel. Har du derimot aldri prøvd dette unike spelet, bør du gjere deg sjølv ei stor teneste, og navigere deg inn på PlayStation Store sporenstreks.

Turbasert strategi er kos. Om du er like glad i kos som oss, bør du sjekke ut Mordheim og XCOM 2 når du har runda Valkyria Chronicles.

7
/10
Valkyria Chronicles Remastered
Nøyaktig det same spelet vi fekk i 2008, i høgre oppløysning og med høgre biletefrekvens.

Siste fra forsiden