Blodig action i Drakengard 3

Square Enix er ikkje ferdige med morbide og kontroversielle tema.

Det er ikkje så rart om du aldri har høyrt om Drakengard, men det er synd. Så langt har vi fått to spel i serien, og det første dukka opp i 2004. Serien har bydd på ei blanding av masseslag i same gate som Dynasty Warriors, og drakeriding inspirert av Panzer Dragoon-serien.

Sjølve mekanikkane i spelet var enkle og noko mangelfulle. Styrkene kom frå ei veldig sterk historie som våga seg inn på tabubelagde tema. Spelet blei så pass minneverdig at det fekk ein oppfølgjar, samt kultstatus blant fleire fans av japanske spel.

I det første spelet møtte vi Kaim som inngikk ei pakt med ein drake, noko som kosta han stemma. Dette passa veldig dårleg for ein forbanna ung mann som først og fremst handla ut av raseri. At han var sint var kanskje ikkje så rart sidan han dukka opp i eit spel med så mange kontroversielle tema (incest og pedofili for å nemne noko) at det blei sensurert sunder og saman i si engelske oversetjing.

Til no har det vore stille rundt serien heilt sidan Drakengard 2 frå 2006. Gematsu fortel derimot at Square Enix i nyaste nummer av Famitsu noko overraskande har kunngjort Drakengard 3 (eller Drag-On Dragoon 3 som det heiter i Japan).

Drakeaction frå 2004.

Ny helt, nye problem

I Drakengard 3 møter vi ein ny hovudperson i kvinna Zero. Ho er ein Utautai, ein person som kan manipulere magi med song. Av spesielle kjenneteikn har ho ein kunstig arm og ei blome som veks ut av det eine auget. På toppen av dette har ho eit valdeleg lynne og blir lett irritert, men har likevel ikkje noko problem med å innleie forhold med opptil fleire menn på ei og same tid.

Zeros syster One er hennar rake motsetning. One er intellektuell og seriøs, og kjem på ingen måte overeins med Zero. Allereie her kan dei fleste kjenningar av Drakengard-serien lukte at trøbbel er i gjere.

Drakengard 3 vil byggje vidare på actionfylte kampar i høgt tempo, og vi vil framleis få krige på både land og i lufta. Eit nytt element i kampane er at Zero blir sterkare etter kvart som ho blir bada i blodet frå fiendane sine.

Delvis nytt utviklarteam

Dei første spela i Drakengard-serien blei utvikla av Cavia, som og stod bak det fenomenale Nier frå 2010. Cavia blei absorbert av AQ Interactive for nokon år sidan, og det såg difor mørkt ut for framtida til både Drakengard, Nier og eventuelle andre prosjekt frå studioet.

Sjølv om Cavia ikkje finnest lenger har Square Enix likevel hyra inn fleire tidlegare tilsette for å skape Drakengard 3. Regien og scenarioet er det Drakengard- og Nier-regissør Yoko Taro står for, medan karakterdesignet kjem frå Kimihiko Fujisaka som i tillegg til Drakengard og Nier jobba med fjorårets The Last Story. Musikken kjem frå Keiichi Okabe som komponerte den mildt sagt glitrande musikken i Nier. Deadly Premonition-studioet Access Games står for utviklinga.

Drakengard 3 er så langt berre kunngjort for PlayStation 3 i Japan, og har ikkje fått nokon meir spesifikk dato enn at det kjem i år.

Les også: Disse spillhistoriene har bergtatt oss Les også: Kingdom Hearts-samlingen kommer til Europa

Les også
Anmeldelse: Nier

Siste fra forsiden