Dårleg sommar for Arcade

Ingen store suksessar på Xbox Live denne sommaren.

Kvart år køyrer Microsoft ein sommarkampanje der dei promoterer fem forskjellige spel i løpet av fem veker. Eitt nytt spel kjem i kvar av dei fem vekene, og kampanjen har fått det klengjande namnet Summer of Arcade. Tidlegare år har sett store suksessar og kritikarrosa spel. I 2010 fekk vi til dømes det fantastiske Limbo, medan fjordåret gav oss unike perler som Bastion og From Dust.

I år har det derimot gått heilt feil veg fortel Gamasutra, som har tatt ein kikk på kor mange som faktisk har spelt spela i lanseringsvekene. Ingen spel har slått an i stor stil, og det mest populære spelet blei Tony Hawk's Pro Skater HD med 98 000 spelarar. På motsett side av skalaen finn vi det artige Kinectspelet Wreckateer som ikkje greidde å fange meir enn 6629 spelarar. Dette er det dårlegaste resultatet sidan det første Summer of Arcade i 2009.

Litt betre gjekk det for actionspelet Hybrid som fekk med seg hakket over 12 000 spelarar på laget. Zombiespelet Deadlight fekk omlag 53 000 til å prøve seg mot dei levande døde, medan det vakre og spesielle Dust: An Elysian Tail berre nådde 32 000 spelarar.

Til samanlikning har spel som Limbo, Bastion og From Dust nådd opp mot fleire hundre tusen spelarar.

Sommarmånadane er ofte blant dei beste for Xbox Live Arcade. Ikkje berre har spela ofte vore av høg kvalitet, men dei har nådd ut til eit stort publikum òg. Sjølv om denne sommaren ikkje har vore den beste for Xbox Live, har vi likevel sett fleire massive suksessar elles i år. Minecraft slo alle rekordar i vår, og det same gjorde Trials Evolution.

Les også: Microsoft forsvarar dyrare Arcade-spel Les også: Trials kommer hjem

Siste fra forsiden