De beste spillene på E3 2012

Her er favorittene, overraskelsene og de største skuffelsene.

1: Side 1
2: Side 2
3: Side 3

Øystein Furevik

Førdianeren vår er stort sett opptatt med å holde nynorskspråket i live, med Øystein er vanskelig å be når en spillmesse står for døra.

Metal Gear Rising: Revengeance (PS3, 360)

Lanseringsdato: Ikke kjent

Det er litt vanskeleg å finne ord for nøyaktig kor kult Metal Gear Rising: Revengeance er. Det er som om eit tidleg designmøte enda med at Hideo Kojima kasta henda i været medan han spytta ut «Nei, føkk it, vi gir faen», og som konsekvens auto-godkjende alle spinnville påfunn den smågalne gjengen hos Platinum Games skulle klare å koke opp.

Revengeance har ikkje berre eit ultrabarskt namn, men det har ein helt som bokstavleg talt let deg utføre alle dei banale stuntsa du så langt berre har sett i ein velregissert filmsekvens frå eit tidlegare Metal Gear Solid-spel. Her kan du bruke rakettar som trappetrinn, og presisjonskutte fiendane til tusen små og særs delikate bitar. På toppen av det heile ligg eit suverent kampsystem som skrik «kom og spel meg!» Eg er på veg kjære, eg er på veg.

Les også: Sniktitt på Metal Gear Rising: Revengeance
Se også: Trailer for Metal Gear Rising: Revengeance

DmC: Devil May Cry (PC, 360, PS3)

Lanseringsdato: 14. januar 2013

Om du er ein av dei som hatar DmC berre fordi det heiter DmC, Dante har svart hår, og det er laga av Ninja Theory kan du berre klappe igjen munnen din til du har prøvd spelet og har belegg for å uttale deg. Denne dristige og nye vrien på Devil May Cry-universet er kanskje kontroversiell, men den er samtidig laga av folk som verkeleg veit kva dei driv med.

Spelet er ei fryd å spele, og byr på eit detaljert og variert kampsystem som let deg halde komboane gåande så lenge du har fiendar på skjermen. Med absurde og motbydelege sjefskampar, beinsolid action, og ei historie som ser ut til å kunne by på både drama og den herlege og arrogante humoren serien er kjend for, ser alt ut til å liggje til rette for eit formidabelt slag både om, på og for himmel og helvete.

Les også: Ekspertspillere bistår Devil May Cry-teamet
Se også: Trailer for DmC: Devil May Cry

Les også
Stor oppgradering for Steam

Tomb Raider (PC, 360, PS3)

Lanseringsdato: Januar 2013

Det nyaste eventyret til Lara Croft er eit markant vendepunkt for serien. I staden for å halde fram med å sende ei barmfager og spretten dame med bein i nase ut på atter eit eventyr etter tapte skattar, let Crystal Dynamics Naughty Dog få lov til å ta over den stafettpinnen med sin Uncharted-serien.

I Tomb Raider møtet vi ei ung, uerfaren og redd Lara Croft. I løpet av spelet vil ho gjere seg dei erfaringane som vil forme ho til å bli den eventyraren ho ein gong vil bli. Alt tyder på at dette blir eit mørkt, dystert og intenst spel der ditt viktigaste mål ikkje er dagens skatt, men å overleve. Mot stadig verre odds må Lara kome seg heilskinna gjennom den eine situasjonen meir hårreisande enn den andre, og noko skamfull må eg innrømme at eg ser fram til å sjå Lara lide.

Les også: Ny start for Lara Croft
Se også: Trailer for Tomb Raider

Beyond: Two Souls (PS3)

Lanseringsdato: I løpet av 2013

Med Beyond: Two Souls tek Davig Cage og Quantic Dream formelen dei fann opp med Heavy Rain eitt solid steg vidare. Borte er dei ulike hovudpersonane, og tilbake står ei ung jente og eit spøkjelse. Dette ser ut til å bli eit uhyre stemningsfullt og intenst spel. Eg har ikkje fått gleda av å sjå så frykteleg mykje, men det eg har sett har gjeve meg ein enorm appetitt.

Beyond: Two Souls tek det beste frå Heavy Rain, og kombinerer det med meir tradisjonelle kontrollar. Sjølvsagt får vi konteksthandlingar, men dei ser ut til å ha blitt tona ned slik at berre det essensielle står igjen. I tillegg har spelet nokre heilt nye mekanikkar som let deg bruke spøkjelset til å ta kontroll over både gjenstandar og folk.

Les også: Sniktitt på Beyond: Two Souls Se også: Trailer for Beyond: Two Souls

ZombiU (Wii U)

Lanseringsdato: Ikke kjent

At eg skulle dytte eit zombiespel opp på topplista mi hadde eg aldri trudd. Eg er sånn passe tåleleg lei vandrande lik, og det skal noko til for å engasjere meg på den fronten. ZombiU ser derimot ut til å gjere alt riktig, sjølv om namnet er ei kriminell handling.

I dette spelet må du vandre noko sakte rundt i falleferdige område der zombier kan lukse rundt eit kvart hjørne. Det spesielle med ZombiU er korleis spelet brukar Wii U sin kontrollar for å skape eit markant lag med uhygge. Skal du ned i inventaret, sjekke ei kasse, eller dirke ein lås må du sjå bort frå TV-en og ned på den vesle skjermen på kontrollaren. Dette er alt som skal til for å få deg til å forstå at du er veldig sårbar. Eitt bitt er nok til at du er død, så det er best å passe seg litt.

Les også: Sniktitt på ZombiU
Se også: Teaservideo for ZombiU

Opptur

Wii U. Eg skal innrømme eg har vore skeptisk til denne nye maskina frå legendariske Nintendo. Inntill eg fekk maskina i hende sjølv, og kunne sjå og kjenne korleis dette vidunderet av ein kontrollar kan brukast, var eg usikker på potensialet.

Men no har eg sett lyset, for å seie det slik. Med Wii U-kontrollaren kan ein oppnå heilt nye opplevingar. Om det så er nervepirrande sjekking av ryggsekken i ZombiU, litt hjelp til ein kamerat i New Super Mario Bros. U, eller rytmiske plattformsekvensar i Rayman: Legends, har maskina mange herlege moglegheiter å by på. Det beste er derimot kanskje det enklaste. Skulle nokon ville ta over TV-en medan du har ei økt, kan du berre plugge inn øyreproppar i Wii U-kontrollaren, fetse auga til kontrollaskjermen, og halde fram der.

Les også: Dette avslørte Nintendo på årets E3-messe

Nedtur

Vald. Det var uhyre mykje vald på E3 i år, og ikkje berre folk som skyt eller slår kvarandre til døde i karikert form. No ser det ut til at seriøse utviklarar kappast om å lage dei mest groteske dødsanimasjonane som viser flest mogleg unødvendige detaljar av korleis innmaten i ein kropp reagerer på eit brått og brutalt lufttrykk.

Det makabre høgdpunktet kom under Sony sin pressekonferanse på tampen av Last of US-demonstrasjonen. Javisst ser spelet bra ut, men sorry, det er noko alvorleg gale med spelpublikumet når det som lettast skal få fram den største applausen er eitt av dei mest grafiske dødsfalla vi har sett i eit spel, nokon gong. Vi lev i ei verd der ein naken kropp blir sett på som tabu of fyfy, medan vald og øydeleggjing er den heilage gral. Eg må innrømme at eg skjemst.

Husk: Vi samler alt fra E3 2012 på egen temaside

Vi vil publisere sniktitter og intervjuer fra årets E3 fortløpende i tiden som kommer, så følg med her på Gamer.no.

1: Side 1
2: Side 2
3: Side 3

Siste fra forsiden