Feature

Desse spela gler vi oss til i januar

Eit nytt år er her, og med det får vi mange nye timar framfor skjermen.

Atter eit år ligg bak oss, og vi gjer oss klar for eit nytt. Avslutninga på 2012 blei nok ganske spesiell for dei fleste, sjølv om vi aldri fekk erfare den zombie-apokalypsen vi var lova. Nintendo lanserte på tampen av november sin nye Wii U, og endeleg fekk vi spele Nintendo-spel i høg oppløysing. Blant høgdepunkta fann vi horrorspelet ZombieU som let deg late som om zombie-apokalypsen skjedde likevel, samt eit nytt plattformeventyr i New Super Mario Bros. U.

Har du ikkje skaffa deg ein ny Nintendo-konsoll var det likevel ingen grunn til å gå arbeidslaus i desember. Ferietida er ein super måte å ta opp spel du elles ikkje har fått tid til, men om du skulle hatt eit blankt prodgram håpar eg du tok deg tid til å sjekke ut LEGO Lord of the Rings og den herlege fleirspelarmodusen i Ratchet & Clank: Q-Force.

2013 på si side blir eit uhyre spanande år. Ikkje berre har vi ein flunkande ny konsoll på marknaden, men ryktebørsen svirrar og går i stor stil om at dette blir året der enten Microsoft, Sony eller begge to lanserar nye konsollar. Slikt kan få det til å krible i magen til ein kvar, og her i redaksjonen gler vi oss spesielt til E3 i juni, som etter alt sannsyn blir den store arenaen der vi får vite kva dei to kjempene bryggjer på.

Før den tid skal vi derimot ta ein gjennomgang av nokre svært spanande titlar du kan spele allereie denne månaden.

Kan Team Ninja fikse problema i Ninja Gaiden 3?

Ninja Gaiden 3: Razor’s Edge

Plattform: Wii U Ute: 11. januar

Det var ikkje alle som var heilt nøgde med Ninja Gaiden 3. Spelet gjorde drastiske grep med formelen som har gleda masochistar i ei årrekkje. Spelet var både lettare og meir tilgjengeleg enn sine forgjengarar, og sjølv om det på ingen måte var eit dårleg spel, nådde det heller ikkje opp til dei høgdene serien har nådd tidlegare.

Med Wii U-versjonen har Team Ninja satsa på å rette opp i alt dette. Dei lovar at spelet vil bli langt meir utfordrande, samtidig som mykje av det mange sakna i Ninja Gaiden 3 er tilbake. No får du velje våpen sjølv, og ulike oppgraderingar vil la deg forme kampstilen din sjølv. Samtidig har dei putta inn mykje nytt innhald, blant anna i form av nye seksjonar der du får spele som andre karakterar. Om dette er nok til å heve spelet til tidlegare nivå finn vi snart ut.

Les meir om Ninja Gaiden 3: Razor’s Edge

Dante vil gjerne daske litt rumpe, vil du?

DmC: Devil May Cry

Plattform: PC, Playstation 3, Xbox 360 Ute: 15. januar (PC 25. januar)

Store forventningar møter det nye spelet I Devil May Cry-serien. Dante dukkar opp i ny og yngre drakt frå den britiske utviklaren Ninja Theory, og dette har ikkje gått upåakta hen. Borte er det kvite håret, den nakne brystkassa og den lange, raude frakken. Tilbake står vi med ein ung rebell i rufsete klede, og ei fandenivaldsk haldning.

Les også
Anmeldelse:

I spelet vil Dante for første gong forstå realitetane ved kvifor han har enda opp med å pryle demonar, har får vite sanninga om sitt opphav, og han legg ut på eit tokt for å sparke demonrumpe til helvete og tilbake igjen. Kampsystemet blir ei vidareformidling av det vi er kjende med, med nye grep som til dømes ein kjetting som let deg dra fiendar mot deg midtvegs i kamp for å halde komboane gåande.

Les meir om DmC: Devil May Cry

Det blir ikkje betre enn dette folkens.

Earth Defense Force 2017 Portable

Plattform: PS Vita Ute: 16. januar

Earth Defense Force 2017 er ei av desse skjulte perlene som alt for få fekk med seg i første omgang. Medan PS Vita sine lunkne salstal spørs det om spelet står nokon sjanse i å nå ut i større omfang, men for dei som grip tak i dette beistet ventar ei oppleving utanom det vanlege. Her finn vi ingen avanserte kontrollar og gimmickar. Alt handlar om å skyte massive insekt og robotar i enorme mengder, medan du ser svære byar bli jamna med jorda.

I PS Vita-versjonen får vi fleire oppdrag, nye våpen, og ein ny samarbeidsmodus der opp mot fire personar kan slakte insekt samtidig, i motsetning til dei to som kunne spele på delt skjerm på Xbox 360. Om du er lei realisme og sjølvhøgtidlege spel er dette midt i blinken for deg.

Les meir om Earth Defense Force 2017 Portable

Skyting på den gode, gamle måten.

Shootmania Storm

Plattform: PC Ute: 23. januar

Shootmania Storm er eit skytespel noko utanom det vanlege. I staden for å følgje trendane med å velje kva våpen du startar kampar med, og eit jag etter erfaringspoeng som sender deg opp i gradene, er Shootmania Storm eit skytespel som ser tilbake til tidlegare klassikarar innan sjangeren. Her blir det skyting av den gamle sorten, med hopping, få våpen, og kjappe kampar i sentrum.

Spelet byr ikkje på mange våpen, og sjølv om tempo absolutt er eit nøkkelord for spelet, er farten på kulene lågare enn kva vi er vande med i nyare tid. Dette tvingar deg å tenkje på ein heilt annan måte sidan du må skyte der du trur fienden vil vere. Spelet kjem frå utviklarane av Trackmania-serien, og ikkje overraskande kan vi vente oss eit tilgjengeleg spel med eit hav av kart og modusar til disposisjon.

Les meir om Shootmania Storm

Kan dette vakre spelet puste nytt liv inn i JRPG-sjangeren?

Ni No Kuni: Wrath of the White Witch

Plattform: PlayStation 3
Ute: 25. januar

Ni No Kuni frå japanske Level 5 er det mange som har venta på. Dette spelet er eit samarbeid mellom utviklarane bak spel som Dragon Quest VIII og Dark Cloud-serien, og Studio Gihbli som har produsert filmar som Princess Mononoke og Spirited Away. Dette har utan tvil gjeve resultat, og den visuelle stilen i spelet er noko for seg sjølv. Det heile ser nesten ut som om du er i ein teiknefilm.

I spelet møter vi Oliver som mistar mora si og endar opp med å reise inn i ei magisk verd der han brått får livet sitt snudd på hovudet. Sjølvsagt må han redde verda, og for å få til det må han samle inn mange skapningar som kan vere med han å kjempe i kamp. Om du lengtar eit nytt japansk rollespel kan januar lett bli årets viktigaste månad.

Les meir om Ni No Kuni: Wrath of the White Witch

Roleg no

Som vanleg er ikkje januar den aller mest intense månaden I året. Det skulle eigentleg berre mangle etter det infernoet av spel seinhausten stort sett byr på. Likevel er det heilt tydeleg at vi har fleire svært spanande titlar i vente i vekene framover. Ved sidan av dei vi allereie har nemnt kan det vere på sin plass å trekke fram Anarchy Reigns. Dette actionspelet frå utviklarane bak Bayonetta og det komande Metal Gir Rising har som mål å la deg nyte solid action i eit fleirspelarmiljø. Kjenner vi Platinum Games riktig blir resultatet rein og skjer galskap.

Stort meir enn det har ikkje januar å by på. Om du ikkje finn noko her som skulle falle i smak, er det enno ikkje for seint å nyte nokre av perlene frå fjoråret. Det nye året er i alle fall i gong, og vi gler oss stort til å sjå kva det har å by på.

Siste fra forsiden