Feature

Desse spela gler vi oss til i mars

Om du synest det har vore litt stille på spelfronten i det siste, er det no galskapen startar.

Kva spel angår har vi lagt bak oss ein heilt fantastisk månad. Etter ein hakket for roleg og hendingslaus start på året, fyrar spelbransjen no frå alle sylindrar, og pumpar ut det eine storspelet etter det andre. I februar fekk vi allereie ei rekke saftige titlar, blant dei det majestetiske Elden Ring, MMO-et Lost Ark, og strategiperla Total War: Warhammer 3.

Etterlengta Horizon Forbidden West levde derimot ikkje heilt opp til forventningane våre, og det gjorde ikkje zombiekaoset i Dying Light 2 heller.

Men som vanleg er det no på tide å sjå framover, og det ser på ingen måte ut til at mars blir noko rolegare enn februar. Her går det unna.

Gran Turismo 7

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5
Ute: 4. mars

Gran Turismo 7 lovar fart og spenning.
Sony

Sidan starten i 1997 har Gran Turismo vore blant dei absolutt kongane på racinghaugen. Serien har skodd seg på å presentere realistiske bilar så tru til sitt opphav som mogleg, og Gran Turismo 7 er ikkje noko unntak. Her får vi lekre bilar i ei lekker verd, forhåpentlegvis med køyrekjensle av ei anna verd. Vi tok nyleg ein kikk på det:

«Det eineste vi ikkje veit om Gran Turismo 7 endå, er korleis det blir å spele det. Her er det naturleg å tenkje at spelet legg seg på linje med dei førre spela i serien, men det gjenstår sjølvsagt å sjå. Utover dette har utviklarane lagt latterleg mange detaljar inn i arbeidet sitt, og det synest. Med over 400 biler, 34 stader og 90 «layouts» tilgjengeleg ved lansering, er det mykje å utforske her, og dei som likar fart og spenning vil antakeleg kose seg gløgg.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Gran Turismo 7

Triangle Strategy

Plattform: Switch
Ute: 4. mars

Kan Triangle Strategy by på taktikk på nivå med dei gamle klassikarane?
Square Enix

Etter suksessen med Octopath Traveler var det nok tydeleg for Square Enix at forsøket med å blande moderne grafikk med pikselgrafikken frå SNES-dagane var ein suksess. Folk ville ha meir, og meir skal dei få. Denne månaden kjem Triangle Strategy, eit spel som nyttar mykje av den same estetikken som Octopath Traveler, men som gjer det meste anna veldig annleis.

Dette blir eit vaskekte Tactics-spel i same gate som gamle Square Enix-klassikarar som Ogre Battle og Final Fantasy Tactics. Vi blir lova ei moden historie i ei verd der konfliktane løysast ved hjelp av isometriske kampar der ein i tur og orden angrip fiendar med ei rekke ulike former for triks og fanteri.

Les også
Anmeldelse: Stranger of Paradise: Final Fantasy Origin

Sjå bilete, les artiklar og finn betse pris på Triangle Strategy

Ghostwire: Tokyo

Plattform: PlayStation 5, Windows
Ute: 25. mars

Det blir demonjakt i Ghostwire: Tokyo.
Bethesda

Ghostwire: Tokyo er det nyaste spelet frå Resident Evil-veteran Shinji Mikami's studio Tango Gameworks. I dette spelet får vi møte Akito, ein spretten ung mann som smeltar saman med eit vesen som går under namnet KK. Saman må dei sparke demonrumpe til den store gullmedaljen. Vi fekk tatt ein kikk på det tidlegare i år, og kunne konstatere at dette blir noko for seg sjølv:

«Eg kan allereie no konkludere med at GhostWire: Tokyo er eit skikkeleg unikt og merkeleg spel. Det brukar fascinerande vesen frå den japanske folketrua på ein framragande måte, ter seg som ei bisarr blanding av gåteløysing og førstepersons skytespel, og syr det heile saman med eit stemningsfullt og underfundig univers.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Ghostwire: Tokyo

Tiny Tina's Wonderlands

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 25. mars

Kan Tiny Tina's Wonderlands levere like mykje moro som Borderlands?
2K

Då Borderlands blei lansert i 2009 blei det ein umiddelbar suksess. Spelet reklamerte med å ha fleire våpen enn det var innbyggjarar i Nederland, og blanda klassisk skytespelgameplay med rollespelelement. Akkurat denne siste komponenten skal vi verkeleg få leike oss med i Tiny Tina's Wonderlands.

Her skal vi inn i Borderlands-karakteren Tiny Tina sitt eige rollespelunivers inspirert av penn og papir-rollespel som Dungeons & Dragons. Her får vi for aller første gong lage vår heilt eigen karakter i staden for å velje ein, og vi reiser ut på eventyr i eit fantasy-univers fullt av galskapen Borderlands-serien er kjend for.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Tiny Tina's Wonderlands

Kirby and the Forgotten Land

Plattform: Switch
Ute: 25. mars

Kirby får omsider boltre seg i tre dimensjonar.
Nintendo

Den rosa Nintendo-helten Kirby har dukka opp i ei lang rekke spel opp gjennom åra, men denne månaden er det for alle første gong klart for eit stort 3D-eventyr. Tidlegare har vi fått ei lang rekke plattformeventyr i med ulike visuelle presentasjonsformer, men no skal omsider Kirby få springe fritt rundt i ei hakket større og meir kompelks verd.

Denne gong vaknar Kirby opp på ei strand i eit ukjent land. Her finn vi kjapt ut at skapningane Waddle Dee blir kidnappa av ei vond makt, og det blir Kirby sin jobb å rydde opp i problematikken. Som vanleg kan han adoptere ei lang rekke eigenskapar frå fiendar, og denne gong kan han bli alt frå bil til lyspære. Om Kirby taklar overgangen til 3D finn vi snart ut når Kirby and the Forgotten Land lanserast i slutten av månaden.

­Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Kirby and the Forgotten Land

Spelskredet 2022

Steiner er på plass i Chocobo GP.
Square Enix

Det manglar ikkje på spel denne månaden, og mars kan by på underhaldning for entusiastar av det meste som finnest der ute. Om du er på jakt etter litt action til å fylle kvardagen med har Square Enix eit par spel på lager for akkurat deg. Det Platinum Games-utvikla Babylon's Fall byr på action for opp til fire spelarar, medan Stranger of Paradise: Final Fantasy Origin byr på kaos og action for ein spela som vil oppleve korleis badguyen i Final Fantasy I blei til. Enda eit actionrollespel får vi i Aztech Forgotten Gods, men her får vi ein cyberversjon av gamle aztekermytar.

Action av ein hakket mindre dramatisk variant frå vi i Conan Chop Chop, eit spel som leikar seg litt med vår gamle barbar-helt. Kanskje ikkje heilt i same gate, men moglegvis like leikent, er rollespelet The Cruel King and the Great Hero, eit sjarmerande spel med handteikna kunst.

Hsakket meir dramatisk blir det i rollespelet Elex II og actionspelet Shadow Warrior 3. For dei som treng å slå frå seg litt blir det fleire sjansar til det i wrestling-spelet WWE 2K22 og slåssespelet Persona 4 Arena Ultimax.

Syberia: The World Before er siste kapittel i den 20-år gamle eventyrserien.
Microïds

Om vi tonar ned stemninga litt kan det kanskje vere av interesse å kike på stemningsfulle FAR: Changing Tides, eit spel om ein helt som legg ut på ei reise for å finne ein ny heim. Alternativt kan Syberia: The World Before vere av interesse.

Vidare finn vi ei godt krydra blanding av forskjellige spelopplevingar. Det Zelda-inspirerte actioneventyret Tunic blir omsider lansert, og vi får endeleg eit nytt Final Fantasy-kartracingspel frå Square Enix i form av Chocobo GP. På den heilt andre enden av sjangerspekteret får vi eit nytt The Settlers-spel. ANNO:Mutationem byr på pikselgrafikk i ei 3D-verd, medan Weird West lovar solid western-stemning blanda med overnaturlege element.

Avslutningsvis tek vi med ein bunke spel som allereie er ute i ei eller anna form, men no kjem til nye plattformer. Først ute er Grand Theft Auto V som kjem til den nye konsollgenerasjonen. Hakk i hel kjem The Ascent som kjem til PlayStation-plattformer, Crusader Kings III som kjem til konsoll.

SpellForce 3 dukkar opp i ein ny og hakket kvassare versjon, medan spelet med det fantastiske namnet .hack//G.U. Last Recode kjem til Switch.

Heilt til slutt tek vi med at tidenes største Director's Cut-prosjekt, Death Stranding, no for sin eigen Director's Cut-versjon lansert på PC.

Siste fra forsiden