Feature

Desse spela gler vi oss til i mars

Det blir skrekk, det blir gru, og eit ørlite forsøk på å fikse planeten denne månaden.

Våren står for tur, og i løpet av årets siste sånn tåleleg eksklusive vintermånad har vi fått svært mykje forskjellig å leike oss med. For alle som elskar Harry Potter-universet var Hogwarts Legacy ei fantastisk og minneverdig reise. Dette var derimot ikkje den einaste reisa denne månaden. Horizon Call of the Mountain gav oss eit heftig eventyr til lanseringa av PS VR2, medan både Octopath Traveler 2 og Like a Dragon: Ishin! gav oss rollespelmoro i japansk stil.

Company of Heroes 3 var kanskje ikkje så nyskapande at det gjorde noko, men artig, det var det. Like store og fine ord kan vi nok ikkje bruke om The Settlers: New Allies som tok den kjende og kjære serien ned heilt feil spor.

Difor var det godt at alle og ein kvar fekk sjansen til å leike seg med det nydelege gjensynet med GameCube-klassikaren Metroid Prime.

Wo Long: Fallen Dynasty

Wo Long: Fallen Dynasty byr på utfordrande action.
Koei Tecmo Games

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 3. mars

Om du ikkje får nok av dei brutale utfordringane i Soulslike-spela, er Wo Long for deg. Dette spelet kjem frå teamet som laga Nioh-spela, og byr på krevjande utfordringar som verkeleg får utfordra reaksjonsevna di. Spelet er sett til den historiske forteljinga om dei tre kongedøma, ei storslagen forteljing Koei Tecmo har leika seg med mange gongar før gjennom Dynasty Warriors-serien.

Denne gong er det derimot ein heilt annan type spel vi har i vente. Her må du lage deg ein krigar og reise ut på ei livsfarleg reise i mytologiske kina. Eit kvart møte med fiendane kan bli ditt siste, og du må rekne med å få ein solid porsjon juling før du omsider når målstreken. For å klare det får vi ei rekke våpen, teknikkar og trolldomskrefter å leike oss med. Spelet er i tillegg eit av vårens storspel på Game Pass.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Wo Long: Fallen Dynasty

The Dark Pictures: Switchback VR

Det næraste vi kjem lyspistolspel i 2023.
Supermassive Games

Plattform: PlayStation 5
Ute: 16. mars

I min ungdom var lyspistolspel noko av det heftigaste ein kunne leike seg med, og det er eigentleg ganske trasig at den tid for lengst er forbi. Desto meir positivt at Supermassive Games har tatt på seg ansvaret for å puste litt nytt liv inn i sjangeren. Med The Dark Pictures: Switchback VR får vi reise med ei skrekktematisert berg og dalbane. Her blir det skrekk, gru, eitt og anna monster, og heilt sikkert veldig mange provoserande billege triks.

Medan vi sit i vogna og tek inn utsikta vil ein haug med nifse monster gjere sitt beste for å skremme og ta livet av oss. Då er det godt du har eit par pistolar å forsvare deg med. Sidan dette er eit spel i The Dark Pictures-serien vil det by på ei rekke område frå dei fire spela i seriens første sesong.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Dark Pictures: Switchback VR

Bayonetta Origins: Cereza and the Lost Demon

Bayonetta Origins byr på eit litt annleis Bayonetta-eventyr.
Nintendo

Plattform: Switch
Ute: 17. mars

Om du nokon gong har lurt på kven Bayonetta var før ho blei, vel, Bayonetta, får du endeleg sjansen no. I Bayonetta Origins: Cereza and the Lost Demon følgjer vi eventyra til ei ung jente som har frykteleg lyst til å bli ei elegant heks når ho blir stor. Med seg har ho ein ein liten demon som har tatt bustad i ein liten bamse.

Spelet bryt ganske kraftig med dei tidlegare Bayonetta-spela, og byr på ein visuell stil inspirert av fantasifulle biletebøker og klassiske eventyr. Saman vandrar dei inn i ein mystisk skog der ein haug med driftige fiendar ventar på dei. Med Cereza sin magi, og demonens rå styrke skal du teknisk sett vere klar for det meste som kjem din veg.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Bayonetta Origins: Cereza and the Lost Demon

Resident Evil 4

Snart er det på tide å vitje denne trivelege landsbyen igjen.
Capcom

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 24. mars

Den nesten tjue år gamle horrorklassikaren Resident Evil 4 er snart tilbake. Denne månaden får vi igjen møte Leon S. Kennedy i hans jakt for å redde den amerikanske presidenten si dotter frå ein spinnvill spansk kult. Det går nesten ikkje an å overdrive kor viktig Resident Evil 4 har vore for spelindustrien. Då det kom snudde det opp ned på korleis spel kunne vere, og det inspirerte ei lang rekke spel i så stor grad at ting kunne ha vore veldig annleis i dag utan dette beistet.

Denne nyversjonen byr sjølvsagt på den spenstigaste grafikken Capcom er i stand til å koke saman, men òg ei rekke andre forbetringar. Blant anna får vi nye og moderniserte kontrollsystem, men om du er blodfan av originalen er det ingen grunn til å fortvile. Spelet byr på heile seks ulike kontrolloppsett, inkludert eitt forma etter originalen.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Resident Evil 4

Terra Nil

I Terra Nil skal du redde naturen, ikkje bruke den.
Devolver Digital

Plattform: Windows
Ute: 28. mars

Det finnest ein heil hurv med bygyggespel der ute, og om dei har noko til felles – sånn reint bortsett frå at du bygger byar og slikt – er det eit solid forbruk av ressursar. Finn ein skog til plank, noko stein til byggeklossar, og hald det gåande til du går tom. Terra Nil prøvar seg på å tilby den andre enden av den historia. Her er målet ikkje å bygge byar, men å bygge opp natur som har blitt øydelagd, og få livet til å blomstre igjen.

Du får reise til mange ulike område, som gamle byar og tropiske øyer, og der må du gjere ditt beste for å skape ny natur. Spelet skal ikkje vere av det lengste slaget, men vi blir lova at det vil vere ulikt kvar gong, sidan karta vil vere heilt nye og unike kvar gong du spelar.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Terra Nil

Litt av kvart

Mars blir, om ikkje anna, i alle fall ein svært variert månad. Kva seier du til Romancelvania, eit spel som blandar utforskinga og slåssinga frå Castlevania med dating-simulatorar? Eit anna kreativt spel denne månaden er Storyteller, eit spel der du skal skape eigne historier, gjerne basert på klassiske eventyr og forteljingar.

Om du heller vil ha meir grøss, og ikkje fekk nok med The dark Pictures og Resident Evil 4, kan moglegvis enda ein nyversjon av eit eldre spel vere noko for deg, når Fatal Frame: Mask og the Lunar Eclipse lanserast i mars.

Det blir nye alkemiske eventyr i Atelier Ryza 3.
Koei Tecmo Games

Blir det for skummelt kan moglegvis Clash: Artifacts of Chaos vere eit alternativ. Dette er det tredje spelet i den særeigne Zeno Clash-serien. ONI: Road to be the Mightiest Oni er på si side eit samarbeidsspel for ein spelar (!) der du skal suge til deg sjelene frå fiendane dine for å bli stadig mektigare.

Vidare finn vi eit par japanske rollespel denne månaden. Den svært anerkjende serien The Legend of Heroes er tilbake med Trails to Azure, og alkemist-serien Atelier er tilbake med Atelier Ryza 3: Alchemist of the End & the Secret Key.

For den som søker action kan det moglegvis passe betre med WWW 2K23 der muskelbuntane får denge laus på kvarandre alt dei orkar. I skytespelet Crime Boss: Rockay City får vi ta turen inn i organisert kriminalitet, medan Blade Assault byr på sideskrollande action i teikneserieformat.

Meir sideskrolling blir det i det lekre pikselspelet 9 Years of Shadows, eit spel som eigentleg skulle ut før jul, men blei utsett i siste liten. I fargerike Tchia får vi utforske ei øygruppe inspirert av Ny-Caledonia, medan vi i Dredge skal fiske etter stadig større skattar, og kanskje finne meir enn vi bad om.

The Great War: Western Front er eit strategispel frå strategiveteranane hos Petroglyph, medan Ravenbound er eit roguelite-spel i ei opa verd inspirert av scandinavisk overtru og folkeminne.

Stemningsfulle Valheim er på veg til konsoll.
Coffee Stain Publishing

Som om alt dette ikkje var nok kjem ei rekke spel til nye plattformer denne månaden. Blandt dei finn vi horrospelet Bendy and the Dark Revival, slåsse- og etterforskingshybriden BROK The Ivestigator, overlevingsspelet Remnant: From the Ashes, det sjarmerande pikselspelet Rakuen, og ikkje minst Have a Nice Death, spelet der du spelar skjelettet med ljåen.

Av aller størst interesse akkurat her må det vel likevel vere lov å seie vi finn to spel; vikingspelet Valheim som kjem til Xbox og Game Pass, samt The Last of Us Part I som kjem til PC.

Om dette ikkje er nok til å halde deg gåande ein heil månad og vel så det, veit ikkje eg. På tide med ein ny hobby?

Siste fra forsiden