Dinosaurjakta er i gong

Jaktsimulatoren Carnivores har landa på PlayStation 3 i HD-ugåve.

Det finnest mange jaktsimulatorar der ute som tar sikte på å la deg skyte fredelege dyr på trygg avstand. Blant desse peika PC-spela Carnivores seg ut for å vere noko ganske annleis. I desse spela fekk du jakte på mektige dinosaurar i staden for hjort og elg.

Så langt har Carnivores dukka opp på PC, mobil og PSP, men i dag fortel Carnivores-utviklarane hos Vogster Entertainment via den offisielle PlayStation-bloggen at eit nytt Carnivores-spel er lansert for PlayStation 3.

Carnivores HD byr på mange ulike miljø.

Storsilt trofejakt

I Carnivores HD får du jakte kjende og kjære dinosaurar som Stegosaurus, Triceratops, Tyrannosaurus Rex og den flygande Pteranodon. Utviklarane fortel at spelet vil by på fleire ulike øyer som alle byr på sine unike element. Medan du reiser på dinosaurjakt kan du traske gjennom både frodige skogar, ørkenlandskap og gloheite vulkanområde.

Spelet vil vise dyrelivet på ein naturleg måte, og du må difor ta høge for at både lyd og lukt kan ha innverknad på kor stort hell du har med deg i jakta. Ulike verforhold vil i tillegg endre åtferda til dei ulike dinosaurane.

Historia rundt spelet er ganske rett fram. I framtida har vi funne ein planet full av dyr som er heilt like dei utdøydde dinosaurane. Hit betalar rikmannsfolk gode pengar for å reise. Ikkje så frykteleg ulikt krøsusar som reiser til Afrika for å skyte løver altså.

Om du skulle vere for glad i dinosaurar til å ta livet av dei er du faktisk ikkje nøydd til å drepe noko som helst. Med bedøvingspiler kan du i staden få dei til å sovne slik at du i staden kan traske rundt for å nyte utsikta.

Carnivores HD er tilgjengeleg via nedlasting på PlayStation 3 no. Ein trailer kan du sjå nedanfor.

Les også: Anmeldelse: Jurassic Park: The Game Les også: Anmeldelse: Monster Hunter 3: Ultimate

Siste fra forsiden