Dungeon Keeper-arvtakar på Kickstarter

War for the Overworld let deg daske ein imp.

Om du med sorg i hjarte har sakna Dungeon Keeper-serien er du langt frå aleine. Gjengen i Subterranean Games har over dei siste månadane jobba med ein prototyp for deira andelege oppfølgjar til Bullfrog sin klassiske serie. No har dei nett lansert ein Kickstarter-kampanje for War for the Overworld, og dette kan verkeleg bli så nært Dungeon Keeper 3 som vi kan kome.

I War for the Overworld vil du ta på deg rolla som ein herre i underverda, og her skal du byggje deg eit rike fullt av rom, gangar og feller. Romma vil ha ulike funksjonar, og som i Dungeon Keeper vil dei tiltrekkje seg forskjellige skapningar. Alt frå magikarar til svære troll og svevande auge vil kunne dukke opp i grotteriket ditt.

Spelet vil kome med ein kampanjemodus som vil bli større etter kvart som utviklinga går sin gang, ein fleirspelarmodus som i følgje Kickstarter-sida vil inkludere så mange spelarar du vil, samt ei sandkasse der du berre kan leike deg i isolasjon med dine vulgære tankar.

Om du støttar spelet med ti pund eller meir vil du frå og med mars få tilgang på Bedrock-betaen som utviklarane samanliknar med korleis Minecraft blei utvikla. Her vil du få spele spelet etter kvart som nye element blir lagt til, og du vil til og med få ta i bruk utviklarane sine verkty slik at du kan skape dine eigne ting fram mot lanseringa i august 2013.

Etter lansering vil utviklarane setje i gong arbeidet med å implementere det dei kallar Flex Goals. I motsetning til dei vanlege måla vi finn i ein Kickstarter-kampanje vil ikkje desse vere fastlåste frå utviklarane si side. I staden vil alle som støttar prosjektet få vere med på å stemme fram kva dei helst vil skal dukke opp i spelet. Lista med potensielle mål viser så langt alt frå ein større kampanje og eit MOBA-kart, til ein kampanje der du spelar som heltane frå overflata, samt eit eventyr der du spelar som ein imp.

Det kan vere verdt å merke seg at om kampanjen går over minstekravet på 150 000 pund og når 225 000 pund, vil Subterranean Games hyre in Richard Ridings til å vere forteljarstemma i spelet. Om dette namnet ikkje seier deg stort, hadde han tidlegare forteljarstemma i begge Dungeon Keeper-spela.

Utviklarane har i tillegg slept ein ørliten demo som let deg springe rundt i nokre rom og nærliggjande område. Kickstarter-videoen som òg inneheld stemma til Richard Ridings kan du sjå nedanfor.

Les også: Anmeldelse: A Game of Dwarves
Les også: Anmeldelse: Dungeons

Kommentarer (14)

Forsiden akkurat nå

Til toppen