Endless Runner-skred

Det herskar liten tvil om kva den store farsotten er akkurat no.

Endless Runner er ein type spel der du kan springe for evig og alltid med mindre du døyr. På den potensielt lange vegen kan du godt mogleg plukke opp diverse gjenstandar for å auke poengsummen din. Temple Run har i det siste gjort stor suksess på mobile plattformer med aklkurat denne oppskrifta, og sjølv om sjangeren på ingen måte er ny, er det no fleire kjende aktørar som vil ha sin bit av kaka.

Den første og kanskje mest opplagde av alle tenkjelege Endless Runner-konsept er at Sega har kunngjort Sonic Dash for iOS. Det finnest få spelikon meir kjend for å springe enn Sonic, så det var vel strengt tatt berre eit spørsmål om tid før Sonic fekk sitt eige Endless Runner-spel.

Sonic Dash.
Sonic Dash.

Det neste spelet som vil ha deg til å ta beina fatt kjem frå Square Enix og er hakket mindre sjølvsagt. Mini Ninjas var eit søtt lite actioneventyr frå Hitman-utviklarane IO Interactive. Spelet har no fått seg ein Endless Runner-variant, og her kan du i tillegg til å springe skape gjenstandar og skifte klede på Ninjaen din. Mini Ninjas er tilgjengeleg no på iOS.

I tillegg til desse to spela har utviklarane bak Twisted Metal – Eat Sleep Play – laga det barnevenlege springespelet Running With Friends basert på dei blodige og livsfarlege okseløpa i Pamplona. Desse løpar blir stadig skulda for for å vere dyremishandling, sidan panikkslagne oksar blir jaga nedover gatene slik at folk kan tøffe seg ved å springe framfor dei. Ikkje det mest opplagde temaet for eit barnespel kanskje.

Hakket mindre kontroversielt er ein Temple Run-versjon av Disney-filmen Oz: The Great and Powerful. Dette er tilgjengeleg for både iOS og Android.

Les også: Månedens anbefalte iPhone- og iPad-spill
Les også: Månedens anbefalte Android-spill

Kommentarer (12)

Forsiden akkurat nå

Til toppen