Får vi meir WipEout?

Kryptisk tvitring hintar om nytt spel i racingserien.

I August kunne vi formidle dei triste nyhenda om at Sony har valt å leggje ned Liverpool Studio. Selskapet som tidlegare var betre kjende under namnet Psygnosis skapte ein av PlayStation-konsollane sine mest ikoniske seriar: WipEout. I denne framtidsretta racingserien styrer du luftskip som flyg over bakken i eit halsbrekkande tempo.

Den gong hadde Sony dette å seie i pressemeldinga si:

– Det har blitt bestemt at Liverpool Studio skal stengast. Liverpool Studio har vore ein viktig del av Sony Computer Entertainment Worldwide Studios sidan PlayStation blei født, og har bidrege stort til PlayStation i løpet av åra. Alle som har vore involverte i Liverpool Studio kan vere svært stolte av det dei har oppnådd.

Skjermbilete frå WipEout HD.

Sidan då har det naturleg nok vore stille, men ei Twittermedling i dag viser teikn til håp. Den korte og konsise meldinga lyder «WE. ARE. ALIVE.», og er etterfølgt av eit konseptbilete som viser velkjende WipEout-fly i full fart.

Om dette er eit teikn på at Sony har halde oss alle for narr og eit nytt spel er på veg vitast ikkje. Kanskje er det berre nokre frekke folk som har hacka seg inn på kontoen til Liverpool Studio? Tida vil vise.

Les også: Anmeldelse: WipEout 2048 Les også: Nye sprell fra WipEout-gjengen

Siste fra forsiden