Final Fantasy XIV relanserast til sommaren

Etter nesten tre år med ombygging opnar Final Fantasy MMOet igjen for alle.

Final Fantasy XIV er godt mogleg den største flausa i Square Enix si lange historie. Spelet dei lanserte hausten 2010 som arvtakaren til MMOet Final Fantasy XI var på alle måtar ein kalkun. Ingenting fungerte som det skulle, grafikkmotoren åt opp maskinkraft som eit villdyr med rabies, og naturlegvis blei konsekvensen ein stadig mindre spelarbase.

Square Enix beklaga offentleg, og sette etter det i gong med å fikse spelet, i staden for å la det dø. Med ny regissør og ny giv har dei brukt snart tre år på å byggje heile spelet opp frå grunnen av, og gav spelet det nye namnet Final Fantasy XIV: A Realm Reborn.

No ser det ut til at denne prosessen snart er over. Eurogamer skriv i dag at Square Enix har stadfesta at Final Fantasy XIV: A Realm Reborn blir lansert i løpet av sommaren, utan at nokon nøyaktig dato blir nemnt.

I løpet av dei siste månadane har det vore mogleg å delta i pågåande betatesting, og denne delen av utviklinga er no i ferd med å nå slutten. Den siste fasen av testperioden byrjar i juni, og då vil du kunne melde deg på for å teste spelet på PlayStation 3. I likskap med Final Fantasy XI vil Final Fantasy XIV kunne spelast på tvers av konsollar, og over internasjonale grenser. I praksis betyr dette at du kan spele på ein PC i Noreg medan kompisen din sit på ein PlayStation 3 i Japan.

Om du vil bli med i betaen før spelet lanserast for fullt kan du melde deg på via Final Fantasy XIVs offisielle nettstad.

Les også: Tilbakeblikk: Final Fantasy VII
Les også: Final Fantasy X-dueo til PS3 og Vita

Kommentarer (18)

Forsiden akkurat nå

Til toppen