FØRSTEINNTRYKK: – Ein teaser for dei komande episodane

Førsteinntrykk Guardians of the Galaxy - The Telltale Series

(Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no)

– Ein teaser for dei komande episodane

Det nye Telltale Games-spelet har eit fascinerande konsept, men bruker litt for lang tid på å kome i gang.

Marvel har vore ekstremt flittige med å pumpe ut filmar dei siste åra, i saman med ei frisk satsing på spel. Me får eit Spider-Man-spel til PlayStation 4, og Telltale Games har fått æra av å dekkje Guardians of the Galaxy i eit episodebasert drama med fem innslag.

Den litt kleine humoren i Guardians of the Galaxy burde vere ein god match for Telltale Games med tanke på deira arbeid med Borderlands. Og det er det òg. Problemet er at episoden All Tangled Up In Blue gir meir inntrykket av å vere ei rein innleiing enn å stå på sine eigne bein.

Thanos er tilbake

Sett til ei speleliste frå popmusikkens glansdagar, tar Telltales nye spel opp handlinga ei stund etter den første filmen. Noko av det første som skjer i spelet, er at Star-Lord og gjengen får eit hint om kvar Thanos, erkefienden til Guardians of the Galaxy, er. Nok ein gong må dei kome Nova Core-styrkane til unnsetning og redde dagen. Men forteljinga går fort ein heilt anna retning enn det eg såg føre meg, og såleis kjem Telltale Games med noko unikt, som berre er laust basert på teikneseriane.

Thanos er på plass. (Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no)
Thanos er på plass. (Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no)

Tematikken for episoden går mykje på kva som skjer når Guardians ikkje har noko mål med samarbeidet sitt lengre. Er dei faktisk vener, eller vil sambandet deira falle saman utan noko felles mål? Episoden prøver å svare litt på dette, men ein ser fort at det ikkje berre er Thanos gjengen må passe seg for. Det er nemleg ein ny skurk på gata, enno verre enn den førre. Eg skal ikkje skrive noko spesifikt om handlinga her, men denne tok meg på senga. Spelet kjem med ei overraskande nyskapande forteljing, med mykje meir djupne enn det eg hadde forventa. Igjen viser utviklaren at dei kan bake inn interessant tematikk i eit tilsynelatande overflatisk plot.

Meiningslause kampar

Spelmekanikkane for kamp i Telltale-spel har aldri vore heilt det store, og dei når eit lågmål med Guardians of the Galaxy. Dei er først og fremst eit verktøy for å drive forteljinga framover, og det er null form for vanskegrad knytt til dei. No treng ein ikkje ein gong å sikte på dei ein skal skyte, det gjer spelet for deg. Berre trykk på ein knapp, så er fienden død. For å vere heilt ærleg så gjer det meg ikkje så mykje då forteljinga har hovudfokuset her, men kampane kunne like godt vore gjort gjennom reine filmsekvensar. Slik det er no verkar det som utviklaren bruker kampsekvensane for å fylle opp eit slags minimum av interaktivitet. Det trengs verkeleg ikkje, så lenge dei legg vekt på spelarens evne til å ta val. Eg syns eigentleg ikkje at det vere spelardreve action i kvar einaste episode, slik utviklaren har lagt opp til i omtrent alle spela deira.

Det er nokre morosame augeblikk i vente for dei som leiter litt.
Det er nokre morosame augeblikk i vente for dei som leiter litt. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Likevel, eg bryr meg ikkje så mykje om kampane når det kjem til stykket. Karakterane er nemleg så godt skreve at eg kan unnskylde nokre feilsteg her og der. Sjølv utan super-duoen Troy Baker og Laura Bailey som var med i Batman: The Telltale Series – men med Nolan North og Ashly Burch – blir eg verkeleg engasjert i kva karakterane seier. Spesielt tilbakeblikka til Star-Lords liv på jorda verkar varme, og gir eit smil om munnen.

Eg byrja spelet med å ta dei mest drittsekk-aktige vala ein fekk tilgjengeleg, då dei definitivt er dei mest morosame, men såg fort at eg ville prøve å vere konfliktløysar mellom dei ulike figurane. Mot slutten gjorde eg alt eg kunne for å foreine gjengen. Sjølv om ein ikkje får så veldig mykje tid til å bli kjend med karakterane, lærer ein seg fort å sette pris på den sjanglande dynamikken mellom venene. Den spisse sarkasmen mellom Rocket og Gamora, rivaliseringa mellom Gamora og Drax, eller korleis Groot opererer som Rockets moralske kompass. Alt dette lar meg knyte eit band til dei ulike figurane, og gjer dei gjenkjennelege.

Ein teaser for dei komande episodane

Det skjer eigentleg ikkje så veldig mykje i den første episoden av Guardians of the Galaxy. Nitti prosent av episoden fungerer som eksposisjon for den komande forteljinga som byrjar i slutten av episoden, så det skadar nok ikkje med å vente til det er meir innhald tilgjengeleg. Starten på spelet er fascinerande, utan tvil, men den er i stor grad oppbygging til komande episodar, og det er litt frustrerande å måtte vente to-tre månadar etter dette.

Gjengen er samla, med betydeleg betre grafikk denne gongen.
Gjengen er samla, med betydeleg betre grafikk denne gongen. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

All Tangled Up In Blue sitt klimaks er intenst spanande. Eg hadde ikkje sjans til å sjå for meg kva som kom til å skje i neste augeblikk, og spelet haldt meg fastlåst framfor skjermen – i dei siste ti minuttane. Alt før dette er berre eksposisjon. Riktig nok er det godt implementert eksposisjon, men eksposisjon likevel, og det tar for lang tid før ting byrjar å bli interessante. 

Konklusjon

Sjølv med eit svakt kampsystem har Telltale kome med nok ei givande karakterdreve forteljing, som er flust av humor. Litt kleint kan det bli, men når dei først treff – så treff spelet vel så bra som filmen. Episoden er kanskje ikkje like spanande heile tida, men den litt avslappa tonen gir oss god tid til å bli kjend med dei ulike figurane. 

Konseptet for historia til Guardians of the Galaxy er særs interessant sjølv om det tar litt tid før det sentrale plottet kjem fram, og den første episoden har lagt grunnlaget for ein knallgod sesong med truverdige figurar. Eg gleder meg til å fortsette reisa med Star-Lord og gjengen, og tar det som ei god oppvarming til filmpremieren til den andre filmen som kjem 26. april. 

LES OGSÅ: Førsteinntrykket av The Walking Dead: A New Frontier »

Den fyrste episoda av Guardians of the Galaxy - The Telltale Series er i salg for Android, iOS, Windows (testa), Mac, Xbox One og PlayStation 4. Gamer.no gir ikkje karakter på enkeltståande kapitel i episodebaserte spel. Vi publiserer eit førsteinntrykk, og kjem tilbake med ei anmelding av heile sesongen når alle episodane er ute.

Likte du artikkelen? Vil du ha mer norsk spilljournalistikk?
Støtt Gamer.no med 39 kroner i måneden slik at vi kan fortsette å lage mer unikt gratisinnhold

Marvel's Guardians of the Galaxy: The Telltale Series

Marvel's Guardians of the Galaxy: The Telltale Series

Marvel's Guardians of the Galaxy: The Telltale Series

Marvel's Guardians of the Galaxy: The Telltale Series

Marvel's Guardians of the Galaxy: The Telltale Series

Marvel's Guardians of the Galaxy: The Telltale Series   Les mer »

Marvel's Guardians of the Galaxy: The Telltale Series   Les mer »

Marvel's Guardians of the Galaxy: The Telltale Series   Les mer »

Marvel's Guardians of the Galaxy: The Telltale Series   Les mer »

Marvel's Guardians of the Galaxy: The Telltale Series   Les mer »

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen