Forza 5 må oppdaterast før du kan spele

Baner og bilar må lastast ned.

Det har vore mykje snakk om Xbox One sine Internettkrav. Då maskina blei vist fram første gong var det med ein beskjed om at du måtte kople opp mot Internett ein gong kvar dag. Microsoft gjorde derimot ei heilomvending på det siste punktet, og fila det ned til berre ei oppdatering som må gjerast før du får bruke maskina.

Konsollen i seg sjølv er derimot ikkje aleine om å krevje Internett for å kunne brukast. Eitt spel som krev at du loggar deg på for å få kome i gong er Forza 5. Grunnen til dette er i følgje Turn 10-sjef Dan Greenwalt at svært mykje innhald ikkje vil kome på disken, noko han fortel om eit intervju med IGN:

«Første gong du startar spelet ber vi deg om å logge på. Då vil du få Drivatarane og ein heil drøss med innhald som baner og bilar. Produskjonsplanen vår er slik at vi puttar inn innhaldet så seint som mogleg, og det betyr at vi må gjere det tilgjengeleg som gratis innhald dag ein.»

Vil du spele Forza 5 må du på nett.

Knapp tidsmargin

Grunnen til at dei gjer ferdig innhaldet så seint som mogleg er at Turn 10 ikkje har mykje tid på seg til å få spelet ferdig. Spelet må sendast til Microsoft, sertifiserast, trykkjast og sendast ut til butikkane. Noko som krev at spelet er i ferdig god tid før Xbox One-lanseringa i november. Tida frå grunnspelet er ferdig til det er ute i butikkane vil derimot Turn 10 bruke på å klargjere alt innhaldet.

Ein viktig del av Turn 10 sine tankar om korleis Forza 5 vil bruke Internett kjem gjennom Dirvatar-systemet som let kunstig intelligens imitere kvar spelar slik at du får ein digital versjon av deg sjølv som andre spelarar kan laste inn og spele mot, sjølv om du ikkje nødvendigvis sit og spelar samtidig. Drivatar-systemet vil putre og gå sjølv om du ikkje er tilkopla, men for å få tak i nye eller oppdatere dei du har må du logge på Xbox Live igjen. Greenwalt samanliknar prosessen med å kjøpe eit nytt kjøleskap:

«Du må fylle det opp med mat den første gongen, og kvar gong du vil oppdatere maten din må du logge deg på igjen.»

Les også: Kommentar: Sterk forestilling av Microsoft Les også: Er alt håp ute for Project Gotham Racing?

Siste fra forsiden