Fysikkbasert rollespel treng hjelp

Kickstarter-kampanjen for Sui Generis går mot slutten.

Kickstarter-bølgja ser ikkje ut til å roe seg ned med det aller første. Den eine vellukka kampanjen etter den andre har velta over oss, men det er ikkje alle som nyt like stor suksess. Eitt av spela som slit på sluttetappen er rollespelet Sui Generis, som vi skreiv om for nokre veker sidan.

Dette rollespelet satsar på å dytte deg inn i ei mørk og mystisk fantasiverd der du praktisk talt byrjar som ingenting, men gradvis blir ein stor helt. Dette skjer ikkje ved at du vel deg ein klasse og ein veg i livet, men ved at alle val du gjer i løpet av spelet formar deg som ein unik krigar. Det er derimot heilt andre ting som verkeleg gjer spelet interessant.

I motsetning til dei fleste andre rollespel som baserer kampsystema sine på tal og timing, er så godt som alt i Sui Generis basert på den solide fysikkmotoren spelet køyrer på. Kor mykje du skadar ein fiende kjem an på kor hardt du slår, og eit digert troll med morgonstjerne kan til dømes få deg til å fly bortover på rimeleg realistisk vis.

Noko av kritikken som har blitt retta mot Sui Generis så langt er likevel at animasjonen ikkje er heilt overbevisande, noko utviklarane forklarar med at dei alle er laga av ein programmerer som på ingen måte har kunnskap om våpenbruk og animasjon. Eitt av dei høgste måla til Sui Generis-teamet er difor å hyre inn ein animatør som kan få orden på sakene.

Det meste i Sui Generis er sterkt prega av fysikk. Noko så enkelt som å kle opp figuren din vil gjennom fysikksystemet automatisk dytte ei bukse ned i høge støvlar. Samtidig er både natur og objekta vi finn i verda alle skapte med så truverdig fysikk som mogleg, og alt vil etter lovnadane kunne ha innverknad på korleis du spelar.

Vil du ta ein nærare kikk på korleis Sui Generis fungerer i aksjon kan du ta ein kikk på kampdemonstrasjonen i videoen under.

Om Sui Generis blir gjennomført slik utviklarane håpar på er akkurat no høgst usikkert. Med knapt litt over eit døgn igjen av Kickstarter-kampanjen manglar dei snaue 25 000 pund frå å nå målet på 150 000 pund. Alt kan derimot skje. Gudespelet Maia som sleit med å nå målet sitt førre veke fekk ei solid avslutning på Kickstarter-kampanjen sin tidlegare i dag ved å samle inn over 40 000 pund meir enn målet på 100 042 pund.

Les også: De fem beste rollespillene akkurat nå Les også: Tilbakeblikk: Ultima VII: The Black Gate

Siste fra forsiden