Grand Theft Auto V kjem til våren

Lanseringsvindauget for det neste storspelet til Rockstar kan vere avslørt.

Ved sidan av den årlege dosa med Call of Duty er det svært få spel som kan skryte av like høge salstal som Grand Theft Auto-serien. Heilt sidan Grand Theft Auto III har serien gått rett til topps på salslistene for kvar nye utgåve.

Om det skjer igjen vil berr tida vise, men i det minste er vi eit steg nærar solid kunnskap om når spelet dukkar opp i hyllene. I følgje VG247 har ein del promomateriale byrja å sive ut blant diverse butikkar i statane. Ved sidan av å bli oppmoda om å førehandsbestille spelet, fortel dette promomaterialet at spelet skal lanserast ein gong i løpet av våren 2013.

Det er ikkje så langt unna, men om du er PC-entusiast bør du vere klar over at ingenting blir sagt om ein eventuell PC-versjon. Alt som blir nemnt er PlayStation 3 og Xbox 360.

Rockstar har for vane å vere seine med PC-versjonar av spela sine, og nokre gongar får ikkje PC-spelarane vere med på moro i det heile. Eit forholdsvis nyleg døme på det er Red Dead Redemption som to år etter lansering framleis berre er tilgjengeleg på konsoll.

Les også: Dette er Grand Theft Auto V Les også: – Godt i gang med GTA V

Klarer ikke laste video

Siste fra forsiden