Grøssarspelet The Evil Within utvidast

Om du ikkje fekk nok skrekk og gru i haust får du ny dose neste månad.

The Evil Within er Resident Evil-skapar Shinji Mikamis gjensyn med skrekksjangeren han var med på å starte. I spelet møter vi etterforskaren Sebastian Castellanos som blir kasta inn i ei marerittaktig verd der grufulle beist og zombieliknande skapningar lurer rundt kvart hjørne.

Som dei fleste spel no for tida blei det tidleg klart at The Evil Within òg ville få ei dose ekstrainnhald i tida etter lanseringa. Det er derimot ikkje før no at dei første detaljane er på plass. Via Bethesdas blogg får vi vite at den første utvidinga til spelet blir tilgjengeleg neste månad. Nokon nøyaktig dato har vi ikkje fått.

Utvidinga har fått namnet The Assignment, og i den følgjer vi Juli Kidman som var ein av hovudpersonane i The Evil Within. Meir detaljar enn det har vi ikkje fått, men Bethesda har lagt ut ein liten teaser for utvidinga som du kan sjå nedanfor.

Solid grøssar

Makabert er stikkordet.

The Evil Within var eit solid stykke handarbeid frå Shinji Mikami og hans Tango Studios. Det var på mange måtar meir Resident Evil enn Resident Evil-serien er sjølv i desse dagar, og vi fryda oss med den ufyselege stemninga:

«The Evil Within er eit sterkt eventyr med ei uggen og tjukk stemning i beste Resident Evil-stil, noko som kanskje ikkje så rart sidan spelet kjem frå sjølve skaparen av Resident Evil-serien. Spelet sender oss på ei reise gjennom marerittaktige område fulle av groteske fiendar og scenario. Den makabre stemninga slepp aldri taket, og tidvis blir ein så utmatta og sliten av den at ein må ta ei pause. Det varer likevel ikkje lenge, sidan ein raskt vender snuten tilbake for å prøve å hamle opp med dei lumske utfordringane som gav deg nok utfordringar for berre få minutt sidan.»

Det har vore gode tider for skrekkentusiastar. Ved sidan av The Evil Within såg hausten lanseringa av det nifse spelet Alien: Isolation, og som om det ikkje var nok jobbar Atari med å vekkje den klassiske serien Alone in the Dark til live igjen.

Siste fra forsiden