Halloweenpakke frå Indie Royale

Kan det smake med litt grøss i haustmørkret?

Halloween er ein vaksande tradisjon i Noreg sjølv om grøssarhøgtida enno ikkje har fått heilt det same fotfestet her i landet som i statane. Manglande fotfeste er likevel ingen grunn til at vi ikkje kan nytte godt av diverse skumle tilbod som dukkar opp når alle skrømta kryp fram frå skuggane.

I samband med Halloween-feiringa har Indie Royale lansert ei pakkea med fem meir eller mindre skumle spel. For ei billeg penge kan du få heile sesongen av Sam & Max: The Devil's Playhouse, samt spela Home, Pathologic, McGuffin's Curse, og EvilQuest.

I Sam & Max: The Devil's Playhouse får Max ei lang rekke med overnaturlege krefter som må nyttast til det fulle for at radarparet skal kome seg heilskinna ut av djevelens vesle hus. I Home skal du løyse eit drapsmysterium medan historia endrar seg etter vala du gjer. Pathologic er ein russisk grøssar i førsteperson, medan McGuffin's Curse set deg inn i rolla som Lucas, ein magikar, tjuv og varulv som knuser det meste. Actionrollespelet EvilQuest introduserer oss for Galvis, ein mørk riddar oppslukt av tanken på meir makt.

Det sjarmerande actionrollespelet EvilQuest.

Som vanleg med spelpakkar frå Indie Royale varierer prisen etter kva du vel å betale. Minimumsprisen går opp for kvart spel som blir kjøpt, men om du betalar over gjennomsnittsprisen går minimumsprisen ned. Betalar du over åtte dollar får du ein ekstra bonus på kjøpet i form av ein mp3- eller FLAC-versjon av albumet Preschtale frå musikaren C-Jeff.

Halloweenpakka frå Indie Royale er tilgjengeleg i hakket under seks dagar til.

Les også: Anmeldelse: Indie Game: The Movie Les også: Disse indie-spillene bør du prøve

Siste fra forsiden