Heroes VI er utsett

Du må vente litt lenger på nye turbaserte eventyr.

Might and Magic Heroes VI er eitt av dei mest etterlengta spela denne hausten, og ikkje utan grunn. Serien har opp gjennom åra fascinert og trollbunde spelarar verda over med sitt smarte og engasjerande gameplay.

I Heroes VI får du kontroll over fleire forskjellige heltar som kan rekruttere soldatar før du går til kamp i svært utfordrande og taktiske kampar. Det heile skjer i verda Ashan der englar og demonar kjempar ein intens kamp om makta.

Det sjette leddet i serien var originalt planlagt for eit slepp 8. september, men får no ei lita utsetjing.

Er du klar for meir turbasert taktikk?

– Vi har gjennom betatesten sett at vi har bruk for litt meir tid for å polere Heroes VI. Difor blir beta 2 litt lengre og sleppdatoen for Heroes VI flyttast til den 13. oktober, fortel Morten Ryberg, produktsjef i Ubisoft Nordic til Gamer.no.

Samtidig blir den neste betafasen flytta med ei veke frå 9. august til 16. august.

Vår erfarne Heroes-veteran Lasse Lervik har tatt ein kikk på spelet, og var svært begeistra:

– Fokuset er som alltid på taktiske kampar og flittig ressursbalansering, og dette er eit spel som glir rett inn i seriens naturlege kjemi. Held innhaldet like høg kvalitet spelet gjennom trur eg nemleg at dette kan vise seg å bli eit av årets aller beste spel.

Vi delar for tida ut 100 nøklar til betatesten, og det er ikkje for seint å søke.

Sjekk vår Spelkalender for sleppdatoar. Her får du full oversikt over når dine favorittspel kjem!

Siste fra forsiden