Indiebonanza på PlayStation

Sony vil ha dei små med på laget.

Games Developers Conference er i gang borte i Statene, og frå Sony sin Indie Arcade-framvising melder PlayStation Blog at ei heil rekke nye indietitlar er annonserte for forskjellige Sony-konsollar. Blant titlane er fleirspelarskytaren Blacklight: Retribution og dinosaurspelet Primal Carnage: Genesis, som begge er annonsert til PS4. Til PS3 og Vita kjem mellom anna det populære valdsinfernoet Hotline Miami, samt Gamer.no-favoritten Thomas Was Alone.

Zombie og dinosaur

Hotline Miami
Hotline Miami

Blacklight: Retribution er ein futuristisk førstepersonsskytar som baserer seg på free-to-play-modellen, noko som betyr at det er gratis å spele, mens ein kan betale for ekstra innhald eller ting i spelet. Utviklarane i Zombie Studios sleppte Blacklight: Retribution på Steam i fjor sommar, til gjennomgåande god kritikk, og hadde over ein million registrerte brukarar allereie då det var ute i open beta-versjon, våren 2012.

Primal Carnage: Genesis er utvikla av Lukewarm Media, og dette er ein episodisk einspelar-oppfølgjar til fleirspelaren ved namn Primal Carnage, som kom ut i fjor haust. Her må ein altså nedkjempe dinosaurane på eiga hand, i ei open verd, over fleire kortare episodar. Genesis køyrer på spelmotoren Unreal Engine 4.

Av andre nemneverdige titlar er den lumske, danske indiefavoritten Limbo, samt det kritikarroste actioneventyret Spelunky.

Den fullstendige lista over dei annonserte spela frå Indie Arcade-framvisinga:

  • Blacklight: Retribution – PlayStation 4
  • Primal Carnage: Genesis – PlayStation 4
  • Ibb & Obb – PlayStation 3
  • Rain – PlayStation 3
  • Sportsfriends – PlayStation 3
  • Divekick – PlayStation 3 og PlayStation Vita
  • Dragon Fantasy Book II – PlayStation 3 og PlayStation Vita
  • Guacamelee! – PlayStation 3 og PlayStation Vita
  • Hotline Miami – PlayStation 3 og PlayStation Vita
  • Luftrausers – PlayStation 3 og PlayStation Vita
  • Spelunky – PlayStation 3 og PlayStation Vita
  • Thomas Was Alone – PlayStation 3 og PlayStation Vita
  • Friend Network App – PlayStation Vita
  • Limbo – PlayStation Vita
  • Metrico – PlayStation Vita
  • Velocity Ultra – PlayStation Vita
  • A Virus Named Tom – PlayStation Mobile (Sonys Android-baserte mobilplattform)
  • Beatdown in Treachery City – PlayStation Mobile
  • Crumble – PlayStation Mobile
  • Crystallon – PlayStation Mobile
  • Don’t Wake the Bear – PlayStation Mobile
  • Hermit Crab in Space! – PlayStation Mobile
  • Oh, Deer! – PlayStation Mobile
  • Rymndkapsel – PlayStation Mobile
  • Ten By Eight – PlayStation Mobile

Les også: Reisebrev, Game Developers Conference, dag 1
Les også: Blacklight: Tango Down får oppfølger

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen