Ingen fleirspelar i Wolfenstein: The New Order

Svenskane satsar hardt på ei solid historie.

I går kunngjorde Bethesda det neste spelet i Wolfenstein-serien. Spelet blir bygd på id Softwares Tech 5, blir utvikla av svenske MachineGames, og vil som vanleg ta føre seg ein del sprø galskap med nazistar og overnaturlege element.

Desse elementa er på ingen måte overraskande, men noko som definitivt er fullstendig uventa er at Wolfenstein: The New Order utelukkande blir eit spel for ein spelar. Det vil ikkje kome med verken samarbeid eller konkurransemodusar. Dette har Bethesda og MachineGames stadfesta ovanfor GameSpot i kveld.

Å droppe fleirspelarmodusen i eit actionspel er høgst uvanleg i desse dagar. Som regel er det motsett, og utviklarar puttar inn fleirspelarmodus i seriar som tradisjonelt alltid har vore for berre ein spelar.

I Wolfenstein: The New Order har utviklarane hos MachineGames valt å skrive om historia for serien, og har plassert det komande spelet i ei alternativ tidslinje. Det heile skjer i 60-åra etter at Hitler og nazistane har vunne krigen og teke over verda.

Spelet vil by på ei solid blanding av action og eventyr, og vil ikkje utelukkande fokusere på at du skal meie ned fiendar.

Wolfenstein: The New Order kjem i sal for Xbox 360, PlayStation 3, PC og neste generasjon konsollar mot slutten av året.

Les også: Spel Wolfenstein 3D gratis Les også: Tilbakeblikk: Wolfenstein 3D

Siste fra forsiden