Jakt vampyrar i Bloodmasque

Square Enix lanserer sitt nye iOS-rollespel.

Square Enix har nett sendt ut ei pressemelding der dei har fortalt at actionrollespelet Bloodmasque for iOS no er tilgjengeleg. I dette spelet tek du på deg rolla som ein vampyrjegar i Paris på tampen av 1800-talet. Det er derimot ikkje snakk om å berre ta på seg ei rolle i denne verda som har blitt teken over av vampyrar og andre beist.

Når du lagar deg ein karakter i Bloodmasque kan du bruke kameraet på iOS-dingsen din til å ta bilete av deg sjølv som du deretter kan klistre på spelfiguren din. Du kan ta bilete av deg sjølv som både glad og sint, for å vise dine rette kjensler i dei forskjellige historiesekvensane i spelet.

Fekting og demonjakt.

Nøyaktig korleis du spelar spelet er ikkje heilt tydeleg, men i pressemeldinga fortel Square Enix at dei har laga eit kampsystem der du kan trykkje på skjermen for å angripe, og sveipe for å dukke unna angrep.

Om du ikkje er nøgd med å spele aleine kan du hente inn jegerane som venene dine har laga, og såleis spele saman med krigarar som ser ut som dine ekte vener.

Square Enix lovar at du kan bruke så mykje som 20 timar på spelet, og når du er ferdig vil du få tilgang på enda meir innhald som til dømes utfordrande kampar. Spelet byr òg på mikrotransaksjonar for dei som vil ha meir enn kva grunnpakka byr på, og er glad i å bruke pengar. Ein lengre trailer kan du sjå nedanfor.

Bloodmasque er tilgjengeleg på iPhone, iPad og iPod Touch no.

Les også: No kan du spele Square Enix sitt mobilrollespel på Vita Les også: Eidos Montreal-sjefen har sagt opp

Siste fra forsiden