Just Cause 3 Multiplayer er ute no
(Bilde: Avalanche Studios)

Just Cause 3 Multiplayer er ute no

Klar for ekplosivt kaos i spelets opne verd?

Just Cause-serien har blitt synonymt med symfonisk øydelegging, eksplosjonar på enorm skala og generelt kaos. Det førre spelet blei spesielt moro med fleirspelarmodifikasjonen som kom for rundt tre år tilbake, der heile tusen spelarar kunne baske seg på same server. No har denne modifikasjonen kome til Just Cause 3 på PC, og kan lastast ned fritt for alle som eig spelet her.

Just Cause 3 Multiplayer lar ein fly, køyre, segle og sveve rundt i spelets opne verd, og kjempe mot andre spelarar med ei lang rekkje ulike våpen.

Turbulent utviklingsperiode

Eit skildrande bilete for Just Cause 3s spinnville fleirspelar.
Eit skildrande bilete for Just Cause 3s spinnville fleirspelar. Bilde: nanos GbR

Modifikasjonen har hatt ein turbulent prosess, då den byrja med ein anna utviklar. Gjengen bak fleirspelarmodifikasjonen til Just Cause 2 hadde først ansvaret for modden, før det gjekk over til ei ny utviklargruppe. Bakmannen til den første modifikasjonen fekk seg nemleg jobb hos Just Cause-utviklar Avalanche Studios.

Den nye utviklaren av Just Cause 3 Multiplayer Mod, nanos GbR, har stått bak store fleirspelarmodifikasjonar til spel som Grand Theft Auto IV og Mafia 2. Dei har jobba med modifikasjonen sidan 2015, og har endeleg gjort den klar for spelarane. Likevel kjem det mange meldingar om tekniske problem på sosiale medium.

Spelarane slit med at modifikasjonen ikkje startar, og krasjar når ein først kjem inn. Utviklaren har meldt om at dei jobbar med saka, så det kan moglegvis vere ein god ide å vente nokre dagar før ein prøver seg på fleirspelarkaoset. Dei har presisert at dette framleis er ein tidleg versjon av modifikasjonen, som kjem til å vere i utvikling framover. 

Les vår omtale av Just Cause 3 »

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen