Klart for Beneath a Steel Sky 2

Revolution sin Broken Sword-kampanje var fruktbar.

For omlag ein månad sidan kasta dei britiske eventyrlegendene i Revolution Software seg på Kickstarter-bølgja. Folkefinansieringsmodellen har hatt fleire suksessar i år, og slikt freistar sjølvsagt andre. Med hjelp frå spelarane håpa Revolution å samle inn nok pengar til å lage eit nytt spel i den populære Broken Sword-serien.

Det tok ikkje lange tida før kampanjen nådde målet sitt. I typisk Kickstarter-stil kan du ha langsiktige mål for kva du vil bruke pengane på om du når hovudmålet ditt. Her hadde Revolution eit noko spesielt mål. Om dei nådde ein million dollar ville dei gi grønt lys for Beneath a Steel Sky 2.

Skjermbilete frå Beneath a Steel Sky.

Beneath a Steel Sky er blant dei store eventyrklassikarane frå 90-talet. Spelet var sett til ei mørk og forureina framtid, der folk måtte leve på toppen av skyskraparar sidan bakkenivået var så øydelagt at det var umogleg å bu der. Trass eit dystert utgangspunkt var det nok av humor og sære personar i spelet.

Revolution nådde ikkje målet på ein million dollar, men har likevel valt å gje grønt lys for Beneath a Steel Sky 2, fortel Revolution-grunnleggjar Tony Warriner til Develop:

— Vi er glade for all interessa i ein oppfølgjar til Beneath a Steel Sky. Vi diskuterer idear for dette prosjektet som vi planleggjer å gå i gong med så snart Broken Sword: The Serpent's Curse er ferdig. Vi er rørde over at Steel Sky-fansen er like entusiastiske i dag som dei var då det originale spelet kom i 1994.

Beneath a Steel Sky 2 vil dukke opp til iOS, Android, PC, Linux, Mac og kanskje konsollar. Det er umogleg å seie når, for først må Revolution bli ferdige med sitt nye Broken Sword-spel.

Les også: Tilbakeblikk: Broken Sword: The Shadow of the Templars Les også: Anmeldelse: Broken Sword: The Angel of Death

Siste fra forsiden