KOMMENTAR: Kunnskapslause og polariserande spissformuleringar
Kommentar
(Foto: Faksimile av Bergens Tidene)

Bergens Tidende på villspor

Kunnskapslause og polariserande spissformuleringar

BT-kommentator meiner dataspel og e-sport er idrettens fiende, uten gode argument.

I april starta første runde i den nye FIFA-ligaen Eserien. Fleire av landets største fotballag har stilt opp med eigne utøvarar, som alle konkurrerer om ein premiepott på 250 000 kroner og tittelen som seriemester i FIFA.

Mange har følgt sendingane dei siste vekene, og bodskapen har openbert bore langt. Faktisk så langt at kommentator i Bergens Tidende, Anders Pamer, har fått tid til å reflektere litt over kva Eserien og e-sport kan bety for folkehelsa. Han har tatt av seg silkehanskane og prestert det kunststykke å presentere e-sport som ein fiende av idretten, fordi auka speling i følgje han vil føre til meir fedme. De kan lese kommentaren i både BT og i Aftenposten, og de vil heilt sikkert sukke og himle med augo på same vis som eg gjorde. Men det er likevel viktig å ta tak i slike håplause meiningar i ny og ne.

Unyansert og bastant konklusjon 

Blant anna viser teksten til ei doktorgradsavhandling som seier at norske soldatar hadde dårlegare kondisjon i 2002 enn i 1980. I same slengen drar den fram at barneskulelærarar ikkje lengre kan ha gym som før for ungane ikkje er «robuste nok», og at Folkehelseinstituttet melder om at 25 prosent av norsk ungdom er overvektig.

Ikkje berre er den første kjelda fullstendig irrelevant i dag, men det er lite her som peikar mot noko klar kopling mellom fedme og skjermtid. Folkehelseinstituttet seier faktisk at fedme-nivået har vore relativt statisk dei siste ti åra (riktig nok basert på sjølvrapporterte tal), mens tidsbruken vår av dataspel, tv, streaming, sosiale medium og liknande har gått monaleg opp – og det endå meir blant vaksne enn barn. 

Eit kjapt Google-søk vil vise at det finst ei handfull forskingsrapportar som koplar skjermtid og fedme, og det finst dei som seier at det ikkje er noko kopling i det heile. Andre meiner til og med at nokre dataspel kjem med klare helsefordelar, der fleire rapportar har vist dataspel faktisk kan hjelpe barn med å gå ned i vekt. Der Pamer påstår at helseeffekten av dataspel er einsidig negativ, er det òg blant anna forskingsartiklar som peiker på at dataspel aukar koordinasjon mellom auge og hand. Sjølv har eg skrive ein artikkel med ei lang rekkje positive konsekvensar av speling som eg har fått, der speling har hjelpt meg med læring rundt språk, politikk, historie og moral. 

Uansett er det i alle fall langt frå konsensus på spørsmålet om speling/skjermtid har ei direkte årsakssamanheng med overvekt og fedme. Det er sannsynlegvis ein faktor for nokon, men det er liten tvil om at det finst faktorar utgjer langt meir enn dataspel. Eit variert kosthald og jamleg fysisk aktivitet er viktig for alle uansett alder, og bruk av dataspel eller kva enn anna skjermaktivitet det går på har ikkje nødvendigvis noko effekt på desse omsyna i det heile. Så lenge eg held meg i aktivitet og et godt kan eg fint bruke fem-seks timar framfor ein skjerm til dagen utan at det har noko verknad på andre delar av livet mitt. Debatten er difor openbert langt meir nyansert enn BT vil ha det til. At ungar konstant nedprioriterer leik og trening for dataspel kvar einaste dag, som han skriv, er òg ei grov generalisering og overdriving me ikkje har behov for. Det er òg særs hyklersk at ein som er betalt for å skrive om og sjå på at andre speler fotball skal kritisere oss for å bruke skjermtid til å sjå på e-sport. Det er bokstaveleg talt nett det same. 

Vidare skriv Pamer at speling konkurrerer om barnas tid, og at dette er ei utvikling det er vanskeleg å stoppe. Og kva så? Korleis er dette på noko vis annleis enn kva fjernsyn ein gong var for foreldra mine? Eller korleis foreldregenerasjonen klaga over latskapen til ungdommen på Sokrates si tid for 2400 år sidan? Om det så skjer at nokon har meir interesse av spel enn andre ting så er det heller ein grunn til at foreldra bør omvurdere sine prioriteringar. Fotball er ikkje for alle.

For den saks skuld er det ingen automatikk i at e-sport eller FIFA-speling generelt skal ha ein negativ effekt på fotballspelinga til ungar. Me kan godt argumentere for det stikk motsette. Det er like naturleg å anta at FIFA og andre spel som Football Manager vil føre til å auke interessa for nettopp fotball.

Den gode samtalen

Dataspel er berre ein komponent av tida me brukar på ymse skjermaktivitetar, og for dei aller fleste vil det neppe ha noko effekt på helsa vår i det heile – nettopp fordi me klarar å finne den rette balansen. Så når kommentaren slåast opp med vinkling om at e-sport er idrettens fiende, er det grunnlag for å klø seg litt i skjegget.

Viss ein på eit eller anna vis skal prøve å dechiffrere kva kommentatoren faktisk vil fram til, så verkar det som han vil snakke om grensesetting. Det er ein viktig debatt me godt kan ta igjen. Sjølv om det er mykje prat om dette blant interesseorganisasjonar og i forvaltningsorgan som Medietilsynet, er det sjeldan ein høyrer om det i media. Det er ingen tvil om at foreldre må kunne sette grenser for ungane si speling. Utfordringa er å identifisere kvar denne grensa skal gå, og finne ut kva som me kan definere som usunn og sunn speling. 

Her er kommunikasjon essensielt. Foreldre som er bekymra for ungane sin speling må i første rekke snakke med barnet sitt, og kome fram til ei løysing saman med det. Byrjar ein gå over hovudet deira utan samtale er det ei oppskrift på unødvendig konflikt.

E-sport som idrettens fiende?

Det finst negative sider ved absolutt alt. Overdriven skjermbruk vil heilt sikkert føre til at nokon legg på seg. Kanskje er det på tide at samfunnet tar ein grundig kikk på samanhengen mellom Eliteseriesendingane på TV og den aukande førekomsten av ølmagar blant norske fotballkommentatorar?

Strømsgodset er eit av laga som har sett verdien av å satse på e-sport. Foto: Fahil Anweri/Apeks

Ut ifrå Pamers eigen kommentar vil andre «skjermaktivitetar» bidra nett like mykje til det han meiner skjer, så vinklinga mot dataspel verkar som ei polariserande spissformulering, formulert for å hanke inn mest mogleg klikk. Det einaste ein oppnår med å ta steget inn i eit nytt saksfelt utan å sette seg inn i det, er å skape frustrasjon og motstand.

BT-kommentaren antydar avslutningsvis at eksistensen av e-sport legitimerer ein levestil som fører til auka fedme og mindre «konstruktiv» tidsbruk blant barn. Eg vil påstå det er berre vrøvl. Det er ikkje openbart at det er noko samanheng mellom desse fenomena for norsk ungdom. Sunn bruk av dataspel er ikkje blitt kopla til overvekt på noko vis, og det at ungdom brukar over fire timar på ulike skjermaktivitetar til dagen er for dei fleste godt innanfor sunn bruk. Det er heller ingenting som skal tilseie at dataspeling vil minske tidsbruk på idrett som fotball. Om det så skjer, er det i så fall basert på prioritering av interesser, der speling er nett like naturleg å drive med som idrett. 

Nokon vil drive mindre med idrett når dei oppdagar spel, andre vil gå motsett veg. Folk er forskjellege. Overvekt vil uansett alltid vere eit problem, men det har nok langt meir med andre faktorar å gjere enn dataspel, spesielt når ein avgrensar bruken slik at det ikkje går utover søvnkvalitet, aktivitet og kosthald. Debatten bør heller handle om å hjelpe foreldre til å sette sunne grenser, enn å sjå på speling som eit problem i seg sjølv. For det er det ikkje. Ulike generasjonar har hatt forskjellege interesser sidan tidenes morgon, og det kjem ikkje til å endre seg før sola går ned igjen.

E-sport og idrett vil gå hand i hand framover. Dei er langt frå naturlege fiendar, men heller openberre allierte. Den eine parten kjem til å hjelpe den andre. E-sport vil føre til ei ny bølgje av interesse for sport og idrett, mens organisert idrett vil auke interessa for e-sport knyta til dei respektive idrettsgreinene. Her ser ein ei klar gjensidig avhengigheit. Dataspeling har òg ei lang rekkje andre positive følgjer for personleg utvikling, nett som idrett har på sine måtar. Det gjeld berre å finne den rette balansen.

Les også: Kva betyr eigentleg dataspel for oss? » 

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen