Lance Reddick

Lance Reddick er død

Den kjende skodespelaren blei 60 år gammal.

Fleire medium melder fredag kveld at den 60 år gamle skodespelaren har blitt funne død i sin eigen heim.

Dødsårsaka er førebels ikkje klar, men blant andre TMZ skriv at det skal vere snakk om naturlege årsaker.

Reddick er kjend for ei lang rekke store roller i både filmar, tv-seriar og dataspel.

Skodespelaren har blant anna vore å sjå i filmane om John Wick, tv-seriane Resident Evil og The Legend of Vox Machina og spelseriar som Destiny, Horizon og Payday.

Siste fra forsiden