LEGO møter Marvel

Den naturlege utviklinga for dei populære LEGO-spela er eit faktum.

TT Games har hatt stor suksess med LEGO-spela sine. Det starta i det «små» med LEGO Star Wars, men etter kvart har studioet laga spel basert på Indiana Jones, Batman og Ringenes Herre for å nemne noko. Ein kan kanskje lure på om det finnest fleire univers å lage LEGO-spel av, noko vi no har fått eit solid svar på.

I dag har Warner Bros. og TT Games kunngjort LEGO Marvel Super Heroes i ei pressemelding. I dette spelet samlar Nick Fury (som blei spelt av Sameul L. «Snakes on a Plane» Jackson i The Avengers) fleire kjende super heltar for å kjempe mot både Loki og Galactus.

I motsetning til fjorårets svært populære Avengers-film vil spelet inkludere figurar frå heile Marvel-universet. Vi vil kunne spele ikkje berre som Hulken, Iron Man og Captain America, men òg Spider-Man, Wolverine og mange fleire. Totalt sett lovar TT Games at du skal kunne finne over hundre ulike Marvel-heltar i spelet.

Med alle desse figurane på plass endar vi opp med ei original historie i LEGO Marvel Super Heroes, i staden for tolkingar av kjende klassikarar. Derimot vil utviklarane pakke inn det dei kallar ikoniske scener frå dei ulike universa. Vi blir samtidig lova meir av den humoren spela er kjende for, samt gåteløysing, storslegne kampar, og heftige superkrefter.

«Spelarane vil kaste seg ut på det ultimate oppdraget for å redde verda, der dei utforskar kjende landemerke i LEGO New York, og tek eventyret vidare frå jorda, og til ikoniske stadar i Marvel-universet», fortel Tom Stone frå TT Games.

Det førre LEGO-spelet til TT Games var LEGO The Lord of The Rings, eit spel som blei svært godt motteke av vår anmelder. Er du klar for fleire eventyr med klossar og deformerte kroppar?

LEGO Marvel Super Heroes blir tilgjengeleg for stort sett alle plattformer du kan tenkje deg. Om du eig ein PC, PlayStation 3, Xbox 360, Wii U, DS, 3DS eller PS Vita kan du sparke klossar ein gong i løpet av hausten.

Les også: Anmeldelse: LEGO Pirates of the Carribean Les også: Funcom jobber med LEGO-nettspill

Siste fra forsiden