Meir Gears of War i vente

Om du trudde tida for broderleg kjærleik var over, tok du feil.

Neste veke sparkar Microsoft i gong E3-veka med sin pressekonferanse måndag morgon. Allereie i kveld har vi fått ein solid smakebit på kva vi har i vente frå den kanten. På nettstaden til den amerikanske spelblekka Game Informer kan du no sjå framsida på neste nummer av magasinet. Mørke silhuettar viser ikkje stort anna enn eit flammehav i bakgrunnen, og ein noko kraftig mann lagt i lenker.

Ein skal ikkje ha spelt så frytkeleg mange av Gears of War-spela for å sjå at figuren på biletet minnar sterkt om Marcus Fenix. Sidan Gears of War-trilogien starta med at Dom redda Marcus frå fengsel, kan ein lett spekulere i om dette er eit spel som tek føre seg hendingane før det første Gears of War-spelet. Dette vil i så fall vere i tråd med rykta frå i fjor om at Bulletstorm-utviklaren People Can Fly jobbar med ein forløpartrilogi.

Blod og bannskap i Gears of War 3.

Det til no siste spelet i serien er Gears of War 3, som i følgje Lasse Lervik sette eit solid punktum for historia om Marucs of Dom:

– Dette er eit actionspel som har det meste, og det skadar ikkje at det sannsynlegvis er det penaste spelet på Xbox 360 så langt. Fleirspelardelen løftar opplevinga frå eit veldig godt skytespel til ei fullkomen actionpakke, og det burde banalt nok vere noko for alle her på eit eller anna vis. Særleg den nye «Beast»-modusen brekk opp opplevinga med herleg variasjon.

Meir konkret info om kva planar Epic Games har for det nye Gears of War-spelet vil ikkje Game Informer ut med heilt enno, og alt vi veit sikkert er at det blir eit spel for Xbox 360. For meir informasjon må vi vente til Microsoft sin pressekonferanse på Galen Center måndag kl. 9.00 lokal tid.

Vi stiller mannsterke frå Gamer.no og vil dekke alle dei store pressekonferansane. I tillegg har vi timeplanane fulle av spanande avtaler. Som før har vi ein eigen E3-seksjon der du kan få med deg alt det viktige som skjer neste veke.

Les også: Zombiespill i tegneseriestil fra Epic

Siste fra forsiden