Nettbaserte Might & Magic-spel på veg

Det blir meir action og strategi i den populære serien.

PARIS (Gamer.no): Ubisoft har kunngjort to flunkande nye spel i det populære Might & Magic-universet. Det første er Might & Magic Heroes Online – eit nettbasert strategispel du kan spele rett frå nettlesaren din. Dette spelet hoppar bukk over den fargerike stilen som har prega dei siste spela i Heroes-serien, og går tilbake til todimensjonal grafikk som minnar om gode gamle Heroes IV.

Skjermbilde fra Might & Magic Heroes Online.

God, gammal strategi

Ubisoft lovar klassisk Heroes-gameplay, men med ein stor vri; MMO-element aldri før sett i eit Heroes-spel. I Heroes Online kan du slå deg saman med andre spelarar i svære slag, men Ubisoft seier ikkje mykje om å kjempe mot andre spelarar. Serien har derimot lange røter i å setje gode vener opp mot kvarandre, så ikkje bli overraska om dette òg blir ein viktig ingrediens.

Som i eit kvart Heroes-spel er det eit stort fokus på heltar og krigarar. Du kan skreddarsy heltane dine som du vil, og velje sjølv om du vil satse på rå makt eller magi som dine fremste våpen. Heltane kan utrustast med mange forskjellige gjenstandar for å gi deg eit overtak, og du kan setje saman dine eigne hærer ved å velje frå dusinvis av forskjellige beist og krigarar.

Noko av det som kanskje høyrest mest interessant ut er det vesle vi veit om byane i spelet. Du kan setje opp eigne byar, og desse kan du setje saman av mange forskjellige bygningar for å tene dei behova du måtta ha. I tillegg kan du setje opp handelsruter mellom byar for å effektivt frakte ressursar dit det trengst. Ressurssankinga i seg sjølv ser ut til å få ein ny vri sidan du no kan sende ut arbeidarar for å sanke ressursar frå naturen.

Might & Magic Heroes Online blir utvikla av BlueByte som òg står bak The Settlers- og Anno-seriane, og blir tilgjengeleg i årets siste kvartal.

Konseptbilde fra Might & Magic Raiders.

Meir sosial moro

Det andre spelet Ubisoft har fortalt om er det fargerike actionrollespillet Might & Magic Raiders. Dette utvikles av Ubisoft Chengdu, og blir tilgjengeleg ein gong neste år. Raiders er også eit nettbasert spel og satsar på at du i grupper på totalt fire spelarar skal sigre over farlege fiendar utan å måtte bruke stort meir enn 20 minutt om gongen.

Du vil likevel kunne byggje opp heltane dine ved å velje mellom fire ulike klassar som er designa for å byggje opp om kvarandre. Kvar av dei vil by på mange ulike eigenskapar, våpen og diverse anna utstyr. Ein interessant detalj er korleis du vil kunne bruke krystallar for å gjere våpna dine sterkare. Desse krystallane kan i tillegg etast av forskjellige monster, noko som kan gjere dei om til sjefsbeist du og venene dine må ta knekken på.

Handlinga er sett til byen Hammerfall like før hendingane i Heroes VI. Her er demonane som for mange år sidan blei fengsla i ferd med å bryte seg fri. Nokon må naturlegvis forsvare verda frå slik galskap, og det er her du kjem inn.

Både Might & Magic Heroes Online og Might & Magic Raiders vil bli gratis å spele. Det er vanleg for spel med gratis inngangsportal å la deg betale for meir innhald som til dømes betre utstyr og nye område, men Ubisoft har til gode å seie noko om ein potensiell finansieringsmodell for dei to spela.

Les også: Sniktitt: Might & Magic: Duel of Champions Les også: Anmeldelse: Might & Magic: Clash of Heroes HD

Les også
Anmeldelse:

Her er ein trailer for Might & Magic Raiders:

Klarer ikke laste video

Denne artikkelen er basert på eit pressearrangement i Paris tidlegare i år. Resa og opphaldet blei betalt av Ubisoft.

Siste fra forsiden