No kan du spele Guild Wars 2 på Mac

Endeleg kan Mac-spelarane ta del i moroa.

Etter lanseringa av Guild Wars 2 i slutten av august har det berre gått ein veg for NCSoft og utviklarane i ArenaNet; oppover. Med stor pågang som har sprengt alle forventningane til utviklarane, samt svært positiv respons frå spelarane, herskar det ingen tvil om at spelet raskt har blitt ein suksess.

Ei gruppe har derimot så langt sett seg nøydde til å observere moroa frå sidelinjene. Sjølv om ein Mac-versjon av spelet heile vegen har vore i korta, var den ikkje klar til lanseringa av PC-versjonen. No har endeleg NCSoft kunngjort i ei pressemelding at ein beta-versjon av Mac-klienten er tilgjengeleg.

Mac-versjonen er tilgjengeleg for alle som har kjøpt Guild Wars 2. Alt du treng gjere er å logge inn på kontoen din for å få tak i den. I motsetning til mange andre betaer er Mac-betaen kopla opp mot serverane den ferdige PC-versjonen blir spelt på, slik at alle kan spele saman. Med andre ord kan du allereie i dag hoppe ut i den verda som PC-spelarane har kosa seg med i nokre veker allereie.

Magien er klar for Mac.

Om du framleis er i tvil om kor vidt dette er noko for deg kan du ta ein kikk på våre svært positive førsteinntrykk:

– Guild Wars 2 har imponert meg stort så langt. Fram til no har eg forhåpentlegvis berre skrapa i overflata av alt spelet har å tilby, og det er med iver og glede eg ser fram til alle timane eg skal tilbringe med spelet.

– I løpet av mi korte reise har eg såvidt begynt å sjå omfanget av ulike poeng du kan oppgradere figuren din med, som gjev fleire eigenskapar og styrker. Det er eit heilt hav av moglegheiter, som kan gjere enda større forskjell på dei ulike klassane, alt etter kva ein fokuserer på.

For å få vite litt meir om kva Guild Wars 2 krev av maskina di finn du utfyllande informasjon på spelets støttesider.

Les også: Guild Wars 2-utvikleren kommenterer utestenging Les også: Guild Wars 2 kan komme på konsoll

Siste fra forsiden