Ny giv for TY the Tasmanian Tiger

Gammal plattformhelt blir Windows-eksklusiv.

Plattformheltar finnest det mange av, men det er ikkje alle som har overlevd dei mange generasjonane med konsollar like godt som Mario og Rayman. Ein av dei det har vore ganske stilt frå dei siste åra er TY the Tasmanian Tiger. Etter tre Playstation 2-spel har det vore rimeleg rundt om den gule krabaten sidan TY 3 frå 2005.

I fjor vakna han derimot til live igjen i iOS-spelet Boomerang Blast. I dette spelet skal du som som namnet tilseier kaste boomerangar. Eit solid hopp frå plattformspela den tasmanske tigeren blei kjend for altså.

No får vi likevel eit gjensyn med TY nesten slik vi kjenner han, sidan Krome Studios har kunngjort TY the Tasmanian Tiger, fortel Shack News. I dette spelet møter vi igjen TY, men denne gong i eit sideskrollande plattformspel med handteikna grafikk. Dei tidlegare spela i serien var i 3D, noko som gjer dette til eit lite dimensjonsskifte for serien. Til saman skal du kunne hoppe og springe deg gjennom 30 ulike nivå.

Spelet blir eksklusivt for Windows 8-plattformer, noko som inkluderer PC og nettbrett som køyrer operativsystemet. Spelet blir gjeve ut av Microsoft, og du kan sjå den første traileren nedanfor. Nokon lanseringsdato utover «snart» er ikkje kunngjort.

Les også: Raymen Legends er utsett Les også: Forsmådde Rayman-fans får gratis utfordringsmodus

Siste fra forsiden