Nytt Guitar Hero-spel blir kunngjort på E3

Rock Band er ikkje den einaste musikkserien som kan gjenoppstå i år.

Activision

Gitarspela har dei siste åra teke sine første steg tilbake i rampelyset med Ubisofts glimrande Rocksmith-spel. No kan det derimot sjå ut til at tida er klar for eit alvorleg comeback. Førre veke fekk vi høyre at Harmonix skal vere i full sving med eit nytt spel i Rock Band-serien, og i dag får vi høyre at Activision har planar om å puste nytt liv i den som smått legendariske Guitar Hero-serien som starta gitarkaoset på midten av 2000-talet.

Ny stil, nye instrument

Korleis vil eit nytt Guitar Hero-spel bli sjåandes ut?

Kotaku har frå to ulike kjelder fått vite at Activision har eit nytt Guitar Hero-prosjekt på gong, og at det skal lanserast seinare i år. Den fulle avdukinga skal skje under E3-messa i juni, men dei første detaljane om det påståtte spelet har vi likevel fått tak i.

Det nye Guitar Hero-spelet vil kome til PlayStation 4 og Xbox One, og vil by på heilt nye instrument. Kva som vil vere nytt med dei er det derimot ikkje sagt noko om. Ei anna markant endring frå tidlegare spel i serien vil vere den visuelle stilen. Der Guitar Hero-serien alltid har bydd på fargerike og teikneserieinspirerte figurar, skal det nye spelet vere langt meir realistisk.

Kven som utviklar spelet er ikkje kjent, men vi kan vere temmeleg sikre på at det ikkjer er Harmonix, som i si tid utvikla det første Guitar Hero-spelet. Dei gjekk vidare til å lage Rock Band for EA, før dei laga ei rekke dansespel i Dance Central-serien for Microsoft. Akkurat no jobbar dei me ein ny versjon av musikkspelet Amplitude, og om rykta stemmer står dei altså ved roret på eit nytt Rock Band-spel.

Om det ikkje er nok å late som om du spelar gitar, men du i staden vil ha ekte vare, er det akkurat no berre eitt spel som gjeld. Rocksmith 2014 som blei lansert for litt over eit år sidan er eit av dei beste musikkspelet nokon sinne.

Siste fra forsiden