Nytt SoulCalibur på veg

Det neste spelet i slåsseserien blir gratis.

Det burde ikkje overraske nokon at Namco Bandai jobbar med eit nytt spel i SoulCalibur-serien. Ved sidan av Namcos eigen Tekken-serie er SoulCalibur ein av dei store bautane innan slåssesjangeren.

I ei pressemelding i dag fortel Namco Bandai at SoulCalibur: Lost Swords er på veg til Europa. Nøyaktig når spelet vil dukke opp seier dei derimot ingenting om, men det vil bli tilgjengeleg utelukkande via nedlasting på PlayStation 3.

For ein spelar

Sjølv om SoulCalibur: Lost Swords blir gratis å spele, ser det ikkje ut til at Lost Swords blir eit spel i same gate som eit anna gratisspel frå Namco; Tekken Revolution. I det spelet kan du laste ned grunnspelet gratis, og betale for å låse opp nytt innhald.

SoulCalibur: Lost Swords vil følgje i same leia ved å la inngangsportalen vere gratis, men utover det ser likskapane til å slutte. Lost Swords vil bli eit spel for berre ein spelar. I spelet vil vi få møte mange kjende figurar frå Soul Calibur-serien, som til dømes Siegfried og Mitsurugi.

Dette er alt vi veit om Soul Calibur: Lost Swords så langt. Ikkje ein gong om dette blir eit slåssespel har Namco sagt noko om, men utgjevaren skriv i pressemeldinga at dei vil kome med fleire detaljar om det PlayStation 3-eksklusive spelet under Tokyo Game Show-messa i slutten av neste veke.

Les også: SoulCalibur II får HD-versjon Les også: Ultra Street Fighter IV er kunngjort

Siste fra forsiden