Nytt Uncharted-spel kunngjort

Nathan Drake går frå action til kortspel.

Nathan Drake har blitt ei heilag ku for Sony. I løpet av PlayStation 3 si livstid har vi sett tre populære spel på konsollen, og tidlegare i år blei Uncharted: Golden Abyss lansert på PS Vita. Felles for alle spela er eit fokus på historie, eventyr og mykje action presentert gjennom fantastisk grafikk.

PS Vita blir no heim for atter eit nytt Uncharted-spel, kan den offisielle PlayStation-bloggen fortelje. Uncharted: Fight for Fortune er derimot ikkje noko ordinært Uncharted-spel. Dette blir eit kortspel der du må byggje opp fraksjonar for å ta ut i kamp mot andre spelarar over nett, eller mot maskina.

Dei ulike korta i spelet vil alle vere baserte på forskjellige personar frå Uncharted-universet. Det treng derimot ikkje berre vere heltar. Ulike fiendar, skurkar og soldatar vil dukke opp som eigne kort, og du kan setje saman kortstokkane dine slik du sjølv vil.

Om du gjorde ein solid innsats i å finne skjulte skattar i Uncharted: Golden Abyss vil du no få løn for strevet. Dei ulike gjenstandane du fann kan brukast til å leggje forskjellige bonusar på korta dine før du spelar dei. Samtidig kan korta forbetrast ved å bruke ressurs- og lykkekort. Desse vil kunne auke potensialet til eitt kort, og gje det spesielle eigenskapar.

Uncharted: Fight for Fortune blir lansert i løpet av Desember. Den første traileren kan du sjå nedanfor.

Les også: Sniktitt: Might & Magic: Duel of Champions Les også: Anmeldelse: Uncharted 3: Drake's Deception

Siste fra forsiden