PlayStation-basketak får beta

Seinare i veka kan du prøve PlayStation All-Stars Battle Royale.

Sony sin eigen vri Nintendo-serien Super Smash Bros er eit solid steg nærare sofadominans. Om du har eit PlayStation Plus-medlemskap kan du allereie på onsdag kaste deg ut i ein beta for å sjekke ut kva triks dei forskjellige PlayStation-heltane har i ermet, fortel den offisielle PlayStation-bloggen.

Om du ikkje har PlayStation Plus må du vente ei veke før dørene opnar for alle som vil den 24. oktober. Skulle du ha ein PS Vita kan du derimot hoppe inn i ringen allereie i morgon, utan å trenge noko medlemskap. Betaen stengjer dørene 30. oktober.

PlayStation All-Stars Battle Royale er eit slåssespel der mange forskjellige figurar som har dukka opp i mangfaldet av PlayStation-spel opp gjennom åra får teste ut kreftene sine mot kvarandre. Kratos, Nathan Drake, Jak og til og med Big Daddy frå multiplatformspelet Bioshock kan denge frå seg under din kommando.

Raiden og Dante er ikkje vener.

I betaen får du tilgang på seks ulike kampkjemper. Dei er Kratos frå God of War, Sweet Tooth frå Twisted Metal, Colonel Radec frå Killzone, Sly Cooper, PaRappa og Fat Princess frå spela med samne.

Vi får to ulike nivå å boltre oss på, og betaen støttar kampar over nett for enten fire mot fire spelarar, eller to mot to. Har du ein kamerat du vil spele med kan du i to mot to-kampane invitere han eller ho med for å kjempe mot andre lag.

PlayStation All-Stars Battle Royale kjem i sal 21. november.

Les også: Alle figurene i PS3-slåssespillet kan vere avslørt Les også: Nå får PlayStation Store snart nytt grensesnitt

Siste fra forsiden