Prøv deg i rolla som døden

Innovative Death Inc. har fått ein liten demo.

Om du saknar litt nytenking i strategisjangeren kan kanskje Death Inc. vere noko for deg. I dette spelet tek du på deg rolla som døden, og må farte land og strand rundt naturlegvis for å ta livet av folk. Spelet kjem frå diverse avhopparar frå Lionhead og Media Molecule, og ikkje uventa er stilen alt anna enn mørk og dyster.

Kickstarter-kampanjen for spelet har ikkje heilt tatt av, og no har utviklarane lagt ut ein kort demo som demonstrerer grunnkonsepta spelet er bygd på. I staden for å velje figurar og klikke kvar du vil ha dei, målar du i staden kvar dei skal gå ved å halde inne museknappen medan du dreg musa over skjermen. Når du går til kamp mot fiendane blir alle du drep med i følgjet ditt, og slik sett kan hæren din vaske seg stor på kort tid.

Drep alle for å få dei på laget ditt.

Etter den korte demoen å døme kan dette bli eit interessant spel. Krigarane dine fell kanskje lett mot motstandarane, men det er likevel ikkje vanskeleg å snu eit potensielt nederlag om til noko heilt anna. Du kan sende alle rett fram, eller du kan med solid nøyaktigheit sende folk rundt fiendar for å angripe frå fleire vinklar samtidig.

Samtidig vil krigarane dine springe mot alle levande i nærleiken, og store klynger med folk kan raskt bli til ein haug av lik. Kontrollane treng nok litt finpuss før alt sit som støypt, men det ein må hugse på at dette er ein uhyre tidleg prototyp.

Utviklarane ber om 300 000 pund får å dra kampanjen i mål. Så langt har dei fått inn knapt over 60 000 pund. Om du skulle vere interessert i å sjekke om dette er noko å støtte opp om, kan du laste ned demoen frå spelets nettstad.

Les også: Kickstarter-suksess for Godus Les også: Gas Powered Games reddet i siste liten

Siste fra forsiden