Rayman til nye plattformer

Ubisofts plattformhelt dukkar opp på Windows Phone og PS Vita.

Sidan 1995 har Rayman vore ein solid skapning i plattformsjangeren. Helten som bryt alle gravitasjonslover ved å ha ein velfungerande kropp heilt utan armar og bein har dukka opp i fleirfaldige spel opp gjennom åra. Rayman-serien har i tillegg vore opphav til dei populære partyspela i Raving Rabbids-serien.

Det førre skikkelege Rayman-spelet – det vil seie plattformaction i god, gammal stil – var det glimrande Rayman Origins frå 2011. Seinare i år får vi oppfølgjaren Rayman Legends på så og seie alle plattformer. I ei pressemelding får vi vite at Ubisoft har kunngjort at spelet får ein PS Vita-versjon i tillegg til versjonane for PlayStation 3, Xbox 360 og Wii U som allereie har vore kunngjorde.

Rayman på Vita.

PS Vita-versjonen av Rayman Legends får alt innhaldet frå dei andre versjonane, men får i tillegg fem eksklusive brett det du kan styre fluga Murphy med trykkontrollane på baksida av Vita-konsollen. I tillegg til dette kjem Vita-versjonen med eit Prince of Persia-kostyme til Rayman, og Eit Spliner Cell-kostyme til Globox.

Om du vil ha litt umiddelbar Rayman-moro kan det kanskje freiste med Rayman Jungle Run. Dette spelet har vore tilgjengeleg på iOS og Android sidan i fjor, men har denne veka blitt gjort tilgjengeleg på Windows Phone 8. Dette spelet er eit sideskrollande «endless runner»-spel der målet ditt først og fremst er å hoppe på riktig tidspunkt.

Les også: Rayman Legends-utsettelsen åpnet for mye nytt innhold Les også: Tilbakeblikk: Rayman

Siste fra forsiden