Retroslåssing frå Sega

Trekløver frå 90-talet ser lyset igjen.

Dei siste åra har sett ei solid bølgje med slåssespel. Gamle og populære seriar som Street Fighter, Tekken, Dead or Alive og Mortal Kombat har alle sett ei eller fleire utgåver i nyare tid. Capcom har definitivt vore mest produktive på slåssefronten med ei lang rekke Street Fighter og Marvel Vs. Capcom-spel, samt Street Fighter X Tekken. Dei gamle travarane i Sega har det derimot vore ganske stille frå, og det har gått nokre år sidan vi fekk bryne oss på eit nytt spel i Virtua Fighter-serien.

No er det likevel snart klart for å ta ein tur inn i nostalgiverda. Fram mot jul vil Sega gjere tre gamle spel tilgjengelege for nedlasting via PlayStation Network og Xbox Live Arcade. Dei tre spela er Fighting Vipers, Sonic the Fighters og Virtua Fighter 2, fortel Eurogamer.

Skjermbilete frå Fighting Vipers.

Alle spela blir fullstendige versjonar av arkadespela som blei slept i Japan mellom 1994 og 1996. Virtua Fighter 2 er naturlegvis det andre spelet i ein av seriane som var først ute med å gjere slåssing i tredimensjonale miljø. Både Fighting Vipers og Sonic the Fighters baserer seg på dei same mekanikkane Virtua Fighter-serien introduserte. Fighting Vipers skilde seg ut ved at alle kampheltane hadde rustningar som kunne øydeleggjast i løpet av kampane, slik Soul Calibur i seinare år er kjent for. Sonic the Fighters er som namnet seier eit slåssespel med karakterar frå Sonic-universet.

Alle spela blir tilgjengelege på PlayStation Network 5. desember for rundt 30 kroner. Xbox 360-versjonane dukkar på si side opp 28. november for 400 Microsoftpoeng per spel.

Les også: Sniktitt: Tekken Tag Tournament 2 Les også: – Street Fighter er som sjakk

Siste fra forsiden