Sega til krig mot Level 5

Patentkaoset har nådd Japan.

Patentar og søksmål har blitt den store, stygge elefanten i nesten alle rom og hjørne av spelindustrien. Det kan dreie seg om folk som patenterer alt frå abstrakte konsept for deretter å saksøke store og små utviklarar, til enda meir flyktige ting som då Bethesda gjekk til søksmål mot Mojang fordi Minecraft-studioet brukte namnet «Scrolls».

No er det Sega som raslar med sablane. Dei har gått til sak mot Level 5 – utviklaren av spel som Professor Layton og det komande Ni No Kuni: Wrath of the White Witch – for å ha brote to patentar Sega meiner å ha på å styre figurar med ein finger eller penn på ein DS-skjerm. Sega vil stogge alt sal av Inazuma Eleven grunna dette brotet, samt ha elleve millionar dollar i erstatning, får vi vite via VG247.

Level 5 er på si side i harnisk over søksmålet. Noko som ikkje er så rart sidan dei hevdar søksmålet gjeld eit spel som kom ut i 2008, eit år før Sega fekk den første av dei aktuelle patentane. Den andre patenten fekk dei i 2011, og gjeld kontrollmekanikkar Level 5 hevdar no er typiske for alle former for speling på trykksensitive skjermar. Level 5 meiner med det at dei på ingen måte bryt nokon patent, og viser i ei ytring på nettsidene sine uro over utviklinga:

«Inazuma Eleven bryt ikkje Sega sin patent, og vi meiner at søksmålet til Sega kan påføre bransjen restriksjonar såvel som å hindre utviklinga til spelindustrien».

Kva trur du? Har Sega ei sak gåande, eller blir dei kasta på hovudet ut av rettsalen?

Les også: Nintendo kom seirende ut av patentsøksmål Les også: Ubisoft vil stoppe flere Assassin's Creed søksmål

Siste fra forsiden