Skal det vere ein R2D2-Xbox?

Til hausten kan du få Star Wars i stova di.

Microsofts Kinect-kamera har tatt fullstendig av med over ti millionar selde kamera sidan lanseringa i november i fjor. Dei fleste av desse sala har derimot gått til det iherdige gamerfolk likar å kalle «mannen i gata». Altså, folk som kanskje ikkje speler så mykje til dagleg. Det er ikkje så rart kanskje, på same måte som Wii byr Kinect på ei heilt unik oppleving som har svært lite til felles med knappetrykking å gjere.

Microsoft prøvar derimot å fri til kjernespelarane, og satsar hardt på at Kinect Star Wars skal bli spelet som får dei opp av sofaen for å leike jedi-riddar.

No kan det sjå ut til at om dei ikkje får folk opp av sofaen, så vil dei i alle fall klare å tømme lommebøkene til ein solid porsjon av Star Wars-fansen der ute. Microsoft har kunngjort ei Star Wars Xbox-pakke i begrensa opplag, og denne burde få nokon og ein kvar til å sikle, uavhengig av om du bryr deg om Kinect eller ikkje.

For den som har alt?

Den nye Xbox 360-modellen er måla som alles favorittrobot R2D2, kjem med eit kvitt Kinect-kamera, og let oss spele med ein gullfarga handkontroll inspirert av C3PO. Som om det ikkje var nok vil konsollen lage klassiske R2D2-lydar når du slår den på eller opnar DVD-spelaren.

Utover dette kjem maskina med 320 GB harddisk, Kinect Star Wars, Kinect Adventures og eksklusivt nedlastbart innhald.

Er dette ei gåve til fansen, eller sleip marknadsføring retta mot dei som ha alt?

Mikael hadde i alle fall dette å seie om det nye Kinect Star Wars-spelet etter å ha testa det på E3:

– Då eg endeleg tok jobben som Jedi, var det med eit smil om munnen. Det kjentest herleg rart å kunne løfte gigantiske objekt høgt opp i lufta, eller dytte fiendar overende som om dei blir treft av ei enorm bowlingkule.

Sjekk vår Spelkalender for sleppdatoar. Her får du full oversikt over når dine favorittspel kjem!

Siste fra forsiden