Slik har du aldri sett Mario før

Spinnvill Mario-film frå svensk perleduo.

Kreative spelarar er ikkje mangelvare. Det er eit enormt samfunn av folk som investerer tid og krefter i å skape ting basert på spela dei elskar. Det kan vere modifikasjonar til spel, historier basert på spel, eller teikningar og anna visuell kunst. Samtidig må ein for all del ikkje gløyme det stadig vaksande cosplay-miljøet der folk lagar kostyme og kler seg ut som spelfigurar.

Nokre gongar dukkar det derimot opp noko heilt utanom det vanlege.

Dei fleste har nok leika med perler ein gong i livet. Kanskje var det då du gjekk i barnehagen, eller kanskje har du sjølv ungar som gjev deg ein god grunn til å gløyme vaksenlivet ei stund.

Dei to svenskane Marcus og Hannes Knutsson treng ingen annan grunn enn at dei er store fans av Super Mario. Saman har dei gjenskapt situasjonar frå både Super Mario-spela og Mario Kart ved å lage perlefigurar av diverse karakterar frå Super Mario-universet. Deretter har dei teke med seg figurane ut i det fri for å lage eit solid stykke stop-motion-film.

I filmen får vi sjå Mario både på gata, i ei elv og inne på butikken, samt eit heftig stykk Mario Kart i ei løype bygd opp av gamle spelboksar. Heile filmen kan du sjå nedanfor, og om den fell i smak kan du ta ein kikk her for å høyre Marcus og Hannes fortelje om prosessen bak.

Les også: Anmeldelse: New Super Mario Bros. 2 Les også: Wii U kan forandre spillbransjen

Siste fra forsiden