Snart kan du snakke med spela

Rare-sjef meiner interaktiv dialog er rett rundt hjørnet.

For litt over ei veke sidan spekulerte eg i kva framtida vil bringe. Fokuset i kommentaren min låg på korleis teknologi som Kinect kan få innverknad på korleis vi spelar spel, ved at kameraet både ser og høyrer brukaren. Eitt av mine viktige punkt var at stemmeteknologi kanskje vil la oss halde realistiske samtaler med figurar i spel, til dømes gjennom ein stemmeteknologi frå selskapet Phonetic Arts som kan byggje opp realistisk dialog på sparket.

No ser det faktisk ut til at dette kan bli ein realitet raskare enn teksten min hinta til, i alle fall om vi skal tru Rare-sjef Scott Henson. I Rare sitt komande spel Kinect Sports: Season Two, vil spelet kunne kjenne igjen meir dialog enn noko anna spel så langt.

Ta i bruk stemmeretten i Kinect Sports: Season Two.

Teknologien i Kinect Sports: Season Two vil ikkje vere stort meir avansert enn at du seier namnet på til dømes den golfkølla du vil bruke, men i eit intervju med Eurogamer viser Henson at han har mykje større visjonar for framtida enn som så:

– Du vil bokstavleg talt kunne seie noko slikt som «Caddie, eg trur eg må ha noko som kan hjelpe mot vindforholda». Dette vil få caddien til å svare med «Vel, det kan fungere med enten eit seksarjern eller eit sjuarjern», før du avsluttar med: «Eg vil ha sjuaren». Samtalene vil vere så naturlege.

Om vi skal tru Henson er det berre programvara som står i vegen for at dette blir ein realitet, og det er godt mogleg han har rett. Kinect-kameraet har til dømes fått ei oppdatering som har gjort det mogleg for Kinect å spore fingrane dine, noko som ikkje var mogleg ved lansering.

Vi har nok likevel eit stykke igjen å gå. Eitt av dei komande spela som vil la deg bruke munnen i staden for knappen er Mass Effect 3, og der må du lese opp tekst frå skjermen ord for ord. Ei løysing som kanskje ikkje er verken den mest intuitive, eller den raskaste.

Vi har likevel sett døme på meir avanserte ting. Det no kansellerte Project Milo frå Lionhead Studios leika seg med å kommunisere med ein ung gut ved hjelp av naturleg dialog og rørsler. Sjølv om Milo ikkje lenger er i live har Peter Molyneux sagt at mykje av det dei jobba med for det spelet har funne vegen over til Fable: The Journey.

Kven veit, snart sit du kanskje og kranglar som bysta fyk med den digitale makkeren din i eit spel om kven som skal gjere kva?

Sjekk vår Spelkalender for sleppdatoar. Her får du full oversikt over når dine favorittspel kjem!

Siste fra forsiden