Snart klart for Dark Souls II-beta

No kan du melde deg på testfasen for det brutale rollespelet.

For mange blir Dark Souls II vårens store høgdepunkt. Spelet er ein direkte oppfølgjar til det ekstremt utfordrande rollespelet Dark Souls, som igjen var ein andeleg oppfølgjar til Playstation 3-eksklusive Demon's Souls.

I dag har Namco Bandai sendt ut ei pressemelding der dei fortel oss at du no kan melde deg på PlayStation 3-betatesten for rollespelet. Om du er klar for å bruke hausten til å få og gi bank byrjar kalaset 12. oktober. Fase to av testperioden vil fyre laus 27. oktober.

Påmeldinga er i gong

Om du er gira på å vere med kan du laste ned ein billett for å melde deg på via nettstaden til PlayStation Network, eller direkte frå PlayStation Store frå konsollen. Namco Bandai seier ikkje noko om når dei heldige utvalde får beskjed om at dei får vere med.

Au!
Au!

Vi tok ein kikk på Dark Souls II under GamesCom-messa i Köln for kort tid tilbake, og vår mann Espen Jansen hadde blant anna dette å seie om det han såg:

«Dark Souls II er, som man kanskje kunne ha forventa, meir Dark Souls. Dette høyrest kanskje bra ut, men samtidig er det eit tveegga sverd, der ein på den eine sida får akkurat det ein blir lova og på den andre sida få nyhende. I praksis blir ein presentert for utfordringar og meistringskjensler som berre eit spel i Souls-serien kan gi deg, mens du samtidig ikkje får så altfor mykje nytt.»

Dar Souls II kjem i sal for PlayStation 3, Xbox 360 og Windows ein gong i løpet av mars neste år.

Les også: Sniktitt: Lords of the Fallen
Les også: Anmeldelse: Dark Souls: Prepare to Die Edition

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen