Sonic på tredemølle

Det skjer mykje rart i Japans arkadehallar.

Sonic har sidan starten først og fremst handla om ein ting; fart. Spela har naturlegvis vore fulle av navigasjon, hopping og samling av myntar lik dei fleste plattformspel med respekt for seg sjølve, men det har alltid vore det høge tempoet til piggsvinet Sonic som har gjort serien spesiell.

Denne farten blir no hovudfokuset i eit flunkande nytt spel som garantert aldri kjem til Noreg. I Japan driv Sega fornøyelsesparken Tokyo Joypolis, og der har dei no introdusert Sonic Athletics.

I dette spelet skal du bryne deg på ulike fartsfylte sportar som å springe 100 meter, lengdehopp og 110 meter hekk. Det som gjer dette Sonic-spelet noko spesielt er korleis du bryner deg på oppgåvene. I staden for stikker, knappar eller avanserte knappar gjer du det enkelt og spring på ei tredemølle, fortel Siliconera.

Alt klart for start.

I rolla som Sonic, Knuckles og andre figurar frå Sonic-universet kan opp mot åtte spelarar konkurrere mot kvarandre ved å springe fortast mogleg på tredemøllene.

Heilt fritt for knappar er derimot spelet ikkje. Når du skal ta eit hopp må du trykkje inn ein knapp.

Dei fleste av oss har vel høyrt leksa om passive spelarar ein eller annan gong i livet. Om du vil gjere noko med den merkelappen er det berre å ta seg ein tur til Tokyo Joypolis i Japan. Spring med måte.

Les også: Ukens podcast: Sonic the Hedgehog Les også: Anmeldelse: Sonic & All-Stars Racing Transformed

Siste fra forsiden