Sony-heltar på veg til Vita

Jak and Daxter kjem til sommaren, men er det meir på veg?

I fjor relanserte Sony Jak and Daxter-serien i ei fjongande flott HD-pakke til PlayStation 3. Her fekk vi i ei samling spela Jak and Daxter: The Precursor Legacy, Jak 2 og Jak 3, som Uncharted-studioet Naughty Dog skapte for PlayStation 2. For alle som enno ikkje hadde stifta nærare kjennskap med den snodige plattformduoen, var dette ein god sjanse.

No har Sony kunngjort at enda fleire kan få more seg med radarparet. Til sommaren dukkar HD-samlinga opp på PS Vita. Bortsett frå at trofésamlarar kan huke tak i tre nye pokalar ser det ikkje ut til at samlinga byr på noko nytt utover PlayStation 3-versjonen.

Jak and Daxter-samlinga ser derimot ikkje ut til å vere alt Sony har på plakaten for PS Vita-publikumet. Ein brukar på nettformumet NeoGAF har funne ut at det amerikanske aldersmerkingsorganet ESRB har merka ei PS Vita-utgåve av Sly Cooper si HD-samling. I denne samlepakka som blei lansert for PlayStation 3 i 2010 fekk vi spela Sly Cooper and the Thievius Raccoonus, Sly 2: Band of Thieves og Sly 3: Honor Among Thieves.

Noko tidspunkt for PS Vita-lanseringa ser ikkje ut til å vere klart enno. No gjenstår det å sjå om Ratchet & Clank-trilogien òg får seg ei lanseringa på PS Vita-lanseringa

Les også: Anmeldelse: PlayStation All-Stars Battle Royale Les også: Oppsigelser hos PlayStation All-Stars-studioet

Siste fra forsiden