Soul Sacrifice har fått dato

Spelet der du må gi for å få er rett rundt hjørnet.

Soul Sacrifice er det første spelet frå Capcom-legenda Keiji Inafune på mange år. Mannen har vore hard i sin kritikk av den japanske spelindustrien, og han legg med det lista ganske høgt når det gjeld sitt komande actionrollespel Soul Sacrifice til PS Vita.

Konseptet er det i alle fall ikkje noko å seie på. I dette spelet må du ofre av deg sjølv for å mane fram våpen kraftige nok til å hamle opp med dei massive beista spelet kastar mot deg. Eit akseptabelt offer kan vere ting som ein arm, eit bein, eller kanskje til og med ryggrada di. Samtidig er spelet bygd opp rundt samarbeid for opp mot fire personar, og det heile kan på papiret minne om ein hakket meir blodig og makaber versjon av Monster Hunter-serien.

Keiji Inafune er mannen som skapte Mega Man. Han var tidlegare høgt oppe i systemet i Capcom og var global produksjonssjef. I den rolla sørgja han blant anna for at vi har fått oppleve spel som Dead Rising og Lost Planet.

Inafune er ikkje den einaste respekterte og erfarne personen på Soul Sacrifice-teamet. Musikken kjem frå Yasunori Mitsuda som tidlegare har komponert musikk til Chrono Trigger, Shadow Hearts-serien og Xenoblade Chronicles.

No har vi omsider fått stadfesta ein europeisk dato for Soul Sacrifice via den offisielle PlayStation-bloggen. Datoen er sett til 1. mai både for å laste ned spelet via PlayStation Network, og for å handle det i butikk. Sony har sett sitt snitt til å leggje inn nokre litt sleipe bonusar for deg som vel å førehandskjøpe spelet. Om du så gjer vil du få ei japansk språkpakke med på kjøpet heilt gratis, samt nokre gjenstandar som gjev deg spesielle angrep.

Medan vi ventar kan du ta ein kikk på traileren nedanfor.

Les også: – Zombier er upopulært i Japan Les også: Slakt zombier i Ninja Gaiden Z

Siste fra forsiden